Skisse som viser den nye ferjekaia i Eidsdal.

Vann anbodskonkurransen for bygging av Eidsdal ferjekai

Christie & Opsahl AS er tildelt kontrakten for bygging av Eidsdal ferjekai.

Med dette har Christie & Opsahl vunne anbodskonkurransane for bygging av begge ferjekaiene på fylkesferjesambandet Eidsdal-Linge. Kaiene skal stå ferdige til dei nye miljøferjene blir fasa inn frå 1.1.2024.

Arbeidet med Linge ferjekai er allereie i gang.

Kontraktssum eksklusiv time- og maskinprisar for ekstraarbeid er for Eidsdal ferjekai på kr. 69.450.475,25. Oppdraget blei gitt i konkurranse med to andre tilbydarar. Tildelinga gjekk til tilbodet som viste det beste forholdet mellom pris og kvalitet, og tildelinga har ein karensperiode som går fram til 5. oktober.

Må planlegge stengeperiodar

Byggeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune seier dei har ein svært kort og pressa gjennomføringsperiode føre:

- Vi må snarast råd i gang med god planlegging av den første av to stengeperiodar for å få ny ferjekai på plass. Det vil i nær framtid bli holda koordinerings- og planleggingsmøte med offentlege etatar. Dette for å ta omsyn til liv/helse, skole samt næringsverksemd og publikum, seier Remkall.

Må løyse to forhold

Før byggestart må også to andre forhold bli løyst:

  • Ytterdal Historiske Naustlag har klaga på Fjord kommune si godkjenning av rammesøknad for tiltaket. Klagen er til behandling hos Statsforvaltaren.
  • Samferdselsutvalet, og deretter fylkesutvalet skal behandle ny kostnadsramme for Linge og Eidsdal ferjekaier. Fylkeskommunedirektøren tilrår at ramma blir auka med 115 mill. kroner, frå 165 til 280 mill. 2022-kroner. Auka kostnader blir innarbeidd i økonomiplan 2023-2026.

Fylkeskommunedirektøren tar sikte på oppstart før jul av anleggsarbeid for Eidsdal ferjekai.

Dei nye ferjene i sambandet Eidsdal-Linge har ein kapasitet på 80 personbileiningar, mot dagens ferjer med kapasitet på 35 personbileiningar.