P-12 er Candela sitt svar på hurtigbåtar.

Klare for serieproduksjon av "flygande" hurtigbåtar

Candela annonserte i midten av november at den første hurtigbåten med hydrofoilteknologi, P-12, har fullført testflygningar.

Publisert Sist oppdatert

Hovuddata:

  • Lengde: 11,99 meter
  • Breidde: 4,5 meter
  • Kapasitet: 30 PAX 
  • Batteri: 252 kWh 
  • Motor: 2x Candela C-POD MAX, 340 kW total peak power 
  • Topfart: 30 knop 
  • Operasjonsfart: 25 knop
  •   Rekkevidde: 40-50 nm (25 knop) 
  • Pris: 1,7 millionar euro

No er neste steg serieproduksjon hjå Candela sin Rotebro fabrikk. Konseptet vart annonsert i 2022. Hydrofoilteknologien gjer at båten svevar over vatn, noko som tek vekk mesteparten av friksjonen i vatnet.

Når skipet når 18 knop vil P-12 nytta 80 prosent mindre energi enn tradisjonelle hurtigbåtar. Dei første test "flygningane" har stadfesta P-12 sin toppfart på 30 knop. Det er rekord for elektriske pasasjerfartøy ifølgje ei pressemelding frå selskapet. 

P-12 vil ha ei rekkevidde på 50 nautiske mil ved operativ fart som er 25 knop.

Shuttelversjonen av P-12 vil sjå omlag slik ut. Den rommar 30 personar, syklar, bagasje og liknande.

Men korleis funkar eigentleg hydrofoil? 

Når skipet "flyg" vert det løfta over vatn på "vinger". Eit digitalt flykontroll-system kompenserar for bølgjer, sidevind og straum ved å justera hydrofoilvinkelen 100 gonger per sekund. Dette gjev ei glatt reise og tek mellom anna vekk moglegheiten for å bli sjøsjuk. 

P-12 Voyager kan bli sjåande slik ut.

Billig og bra?

Candela ynskjer ikkje berre å vera best på energieffektivitet og rekekvidde. Dei vil også konkurrera på pris. P-12, som er ein 30-setar har ein prislapp på 1,7 millionar euro, som er omlag 20 millionar norske kroner, skriv dei i pressemeldinga. 

Dei hevdar hydrofoilteknologien er årsaka til prislappen, sidan den gjev ei enorm rekkevidde frå 252 kWh batteri.  Dette kombinert med straumlinjeforma serieproduksjon, vil føra til låge industrikostnadar, hevdar dei.

Totalt sett trur Candela at P-12 kan kutta kostnaden per passasjerkilometer med 50 prosent. 

Slik vil P-12 Buisness sitt interiør sjå ut.

P-12 vil koma i tre ulike versjonar. 

Shuttle, er eit passasjerskip for 30 stykk, med plass til syklar, barnevogner og liknande. 

Business versjonen vil ha premium interiør, og sitjeplassar til 12-20 passasjerar. 

Voyager versjonen skal ha høg fleksibilitet i interiørdesignet, noko som skal passa både fritid og kommersiele kundar.

Allereie i 2024 skal P-12 nyttast som offentleg transport i Stockholm.