Hurtigbåten P-12 vil flyga over vatnet.
Illustrasjon: Candela
Candela satsar på "svevande" båtar
Skipsrevyen vart invitert til å sveva over vatnet saman med Candela sin fritidsbåt C-8. No vil dei byggja passasjerskip med plass til 30 personar.
I satsinga si går dei all inn. Dei har stor tru på at dei er i ferd med å revolusjonar bransjen med det nye konseptet. Dei er òg dei som er kome lengst, ifølgje dei sjølv, og det forspranget ynskjer dei å halda på.
Konseptet er i det spesielle laget. For sjølv om ein dundrar avgårde i 30 knop på sjøen, er båten knapt kontakt med havoverflata. Skipsrevyen kan stadfesta at det er ganske behageleg å susa over vatnet med den nye løysinga.
Ein lettar bokstavleg talt når du gassar på og landar att når du bremsar. Det er heller ingenting i mellom når det kjem til fart. Sett på spissen er det slik att du anten flyr, eller så er det bom stopp.