Produksjonsleiar og gründer i Bauta Maritime, John Arve Sundet og assisterande produksjonsleiar i Bauta Maritime, Øystein Krogset.

Skal dela og forlengja fartøy: – Gler oss til å ta fatt på arbeidet

Bauta Maritime har signert kontrakt med Fiskerstrand Verft på ombygging av ei ferje for eit kanadisk reiarlag.

Arbeidet gjeld mellom anna byte av hudplater for oppgradering til isklasse, deling av fartøyet, samt bygging og montering av forlengingsseksjon, skriv Bauta Maritime i ei pressmelding.

Det nye oppdraget til Bauta Maritime omfattar deling av den 43 meter lange ferja og utskifting av alle hudplater under hovuddekk for oppgradering til isklasse.

Dei skal òg byggja og montera ein seksjon på 8,4 meter med ei vekt på 52 tonn. Ferja vert då 51,4 meter lang.

Ein av dei største

I pressemeldinga går det fram at dei er stolte over kontrakten dei no har skrive med Fiskerstrand Verft.

– Dette oppdraget føyer seg inn i rekkja mellom dei største kontraktane me har signert i Bauta Maritime. Me er glade for å kunne vidareføre det gode samarbeidet me har med Fiskarstrand Verft, og me gler oss til å ta fatt på arbeidet, fortel assisterande produksjonsleiar, Øystein Krogset.

Ferja som tidlegare gjekk under namnet «Kvernsund» skal etter ombygginga gå på oppdrag i Kanada.

Leveransen til Bauta Maritime skal ferdigstillast innan utgangen av august 2023.