Gå til innhold
Annonse
Kleven Verft har fått ny sjef. Foto: Kleven
Kleven Verft har fått ny sjef. Foto: Kleven

Kjetil Bollestad er tilsett som administrerande direktør på Kleven Verft, og tek dermed over etter Olav Nakken. Bollestad blei henta inn av Nakken som produksjonsdirektør på Kleven i desember i fjor

Annonse

-Kjetil har vore sentral i ferdigstillinga av MS Roald Amundsen, og har veldig god innsikt i organisasjonen. Han har med det eit godt grunnlag for å gå inn som leiar for verftet, seier Olav Nakken i ein pressemelding.

Kleven Verft AS har nyleg oppretta eit eige dotterselskap, «Nye Kleven», som skal ta verftet vidare inn i framtida. Bollestad vil leie det nye selskapet, medan Nakken vil halde fram i ei ny rolle, der han vil jobbe gjennom styret med forretningsutvikling for Nye Kleven. Dette grepet blir gjort for å frigjere ressursar til å jobbe meir ut mot marknaden i denne viktige oppstartsfasen til nye Kleven.

Påtroppande: Kjetil Bollestad er tilsett som administrerande direktør på Kleven Verft. Foto: Privat
Påtroppande: Kjetil Bollestad er tilsett som administrerande direktør på Kleven Verft. Foto: Privat

Frå og med måndag 15. juli 2019 vil Kjetil Bollestad fungere som administrerande direktør på Kleven Verft.

-Eg er takknemleg og motivert av tilliten som blir vist meg. Å skulle vere administrerande direktør for Kleven Verft blir ei interessant og utfordrande oppgåve som eg ser fram til å ta fatt på, seier Bollestad.

Rettar ein stor takk til alle for stå-på-vilje

Med tanke på situasjonen verftet har vore i, er Olav Nakken fornøgd med perioden som administrerande direktør. 

-Etter den finansielle restruktureringa har vi levert tre ankerhandteringsfartøy til Maersk, og no nyleg ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen til Hurtigruten. Alle var fantastiske skip, men det er likevel folka bak som står fram for meg. Eg vil gjerne rette ein takk til dei tilsette, dei innleigde og underleverandørar for stå-på-vilje og samarbeid i tida som har vore, seier Nakken, og legg til:

–No som det berre er MS Fridtjof Nansen tilbake, ser eg fram til å ta fatt på forretningsutvikling for nye Kleven.

Med fokus på MS Fridtjof Nansen og nye Kleven

Kjetil Bollestad er 51 år og kjem frå Sandnes, men er no busett i Son sør for Oslo. Han har ein variert yrkesbakgrunn, som starta med flyteknisk utdanning frå forsvaret. Han jobba mange år i SAS teknisk avdeling, dei siste åra som produksjonsleiar for avdeling «Heavy Maintenance» på Gardermoen.

I 2007 – 2010 var han administrerande direktør på skipsverftet i Florø før han arbeidde i Master Marine AS som ferdigstilte ein Jack-up rigg i Arendal. Han vart tilsett som COO med ansvar for drift og vedlikehald av riggen når den starta operasjon på Ekofisk-feltet sommaren 2011. Dei siste åra har han jobba som salsdirektør for Agility Subsea Fabrication og som kommersiell sjef for Institutt for Energiteknikk

Avtroppande: Olav Nakken får ny rolle hjå Kleven Verft. Foto: Kleven Verft
Avtroppande: Olav Nakken får ny rolle hjå Kleven Verft. Foto: Kleven Verft

-Den siste tida har vi brukt all tid og alle ressursar på å ferdigstille Roald Amundsen. Sjølv om hovudfokuset no blir å ferdigstille søsterskipet MS Fridtjof Nansen på ein effektiv og god måte, vil læringa frå fyrste skipet bidra til at utfordringane blir langt mindre denne gang. Det gir rom for å kunne rette blikket framover saman med det kompetente teamet på Kleven, seier Bollestad.

Kjetil Bollestad og Olav Nakken har jobba tett saman siste månadane, og det gjorde dei også tidlegare medan Bollestad var verftsdirektør i Florø.

- Eg gler meg til å halde fram samarbeidet både med Olav og dei tilsette på verftet, avsluttar Bollestad.   

Kleven har levert over 100 avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar sidan 2005. Etter ei utfordrande periode i kjølvatnet av nedgangen i offshore-sektoren, er verftet no eigd av Hurtigruten, og har for tida eitt hurtigruteskip under bygging. 

Annonse