Gonzalo De Arteaga er tilsett som berekraftsansvarleg i Havilagruppa. Foto: Havilagruppa

Havila aukar satsinga på berekraft

Gonzalo De Arteaga er tilsett som berekraftsansvarleg i Havilagruppa, og skal sørge for at både utfordringar og mulegheiter med berekraft blir tatt med i vidare vekst for Havila.

Publisert Sist oppdatert

Stillinga er nyoppretta og Vegard Sævik i Havila Holding AS , seier i ei pressemelding at dette er eit resultat av at Havila vil vere eit ansvarleg konsern og aktivt bidra til å løyse berekraftsutfordringane. 

- Berekraft er heilt avgjerande for Havilas evne til å skape vekst, tillit og konkurransedyktig drift. Samtidig er berekraft noko alle, privatpersonar og bedrifter, må ta tak i for å skape ei god framtida for etterkomarane våre. 

Vegard Sævik seier det i stadig sterkare grad kjem formelle krav til bedrifter når det gjeld berekraftig drift innan både økonomi, samfunn og klima/miljø, mellom anna ut frå EU-regelverk. Ein må også bygge tillit til investorar, finansieringsinstitusjonar, offentlege styresmakter og andre interessentar på dette området.  I tillegg ser ein at både tilsette og komande tilsette ønskjer at Havilagruppa skal levere på berekraft.

- Vi som eigarar er dessutan opptekne av korleis verksemda påverkar omgivelsane. Vi ønsker difor å både synleggjere tiltaka vi allereie gjer i dag og sikre berekraftige og ansvarlege investeringar for framtida.  

Strategi for berekraft

Gonzalo De Arteaga starta i stillinga no i november. Han er økonom med ein master frå NHH med spesialisering innan energi, naturressursar og miljø i tillegg til ein master frå HEC i Paris og NHH i internasjonal leiing. Han har både vore gründer av internettselskap, jobba med risikohandtering og marknadsanalyse i Equinor og kjem frå jobb i Fearnley der arbeidsoppgavene var knytt til marknadsanalyse og shipping.

No skal han mellom anna utvikle strategi for berekraft og rapportere på området for Havilagruppa.

Gonzalo de Arteaga seier han gler seg til å ta fatt på jobben.

- Dette er svært interessant område og her er mykje vi kan bygge og utvikle. Eg håper eg kan bidra med kompetanse i organisasjonen og gjere slik at vi tek utfordringa i lag.

Lagarbeid og moglegheiter

Vegard Sævik seier det er fleire i Havilagruppa som har berekraft som ein del av sine oppgaver og at alle i organisasjonen skal ha berekraft som ein del av tankegangen sin.

- Men vi ser fram til å ha ein person i Havilagruppa som har berekraft som fulltidsarbeid. Slik  får vi ein klar og eintydig strategi, vi får samordna prosjekt og utforska mulegheitene for verdiskaping for heile Havilakonsernet i den grøne økonomien. 

Rett måte å drive business på

De Arteaga seier han har stor respekt for kva ein har fått til i Havilagruppa og er glad for å få jobbe med berekraft i akkurat dette konsernet.

- Havila har sett spor i samfunnet og er i front, også internasjonalt, når det gjeld berekraft. Havilagruppa har alt gjort mykje med miljø, sosiale forhold og selskapsstyring, og meir skal det bli dei komande åra. Eg er sikker på at dette er den rette måten å drive business på.  

Som nytilsett berekraftsansvarleg skal han koordinere arbeidet som blir gjort i Havilagruppa, og er glad for å ha dette arbeidsområdet som hovudfokus. 

- Berekraft er både eit interessant og viktig arbeidsområde som vil påverke framtida, og eg gler meg over å ha ein jobb der ein på slutten av dagen veit at ein har vore med på å bidra.