
Hurtigrute-kontrakt til Ulmatec
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ulmatec Handling skriv i ei pressemelding at selskapet har signert kontrakt på levering av sideporter og handteringsløysingar til dei nye Hurtigrute-skipa "Roald Amundsen" og "Friddtjof Nansen" som skal byggast ved Kleven verft.
Den signerte avtalen omfattar MS "Roald Amundsen", med opsjon på MS "Fridtjof Nansen" og dei to førebels ikkje navngjevne ekspedisjonsskipa Hurtigruten har ein opsjon på å byggja.
Kvart system består av åtte sideporter/ekspedisjonsdører samt gangvegar, heiser og løfteanordningar av såkalla explorerbåter brukt til opplevingar.
Heile leveransen er basert på Ulmatec sitt eige design og inneheld både drift, mekanikk og kontrollsystem der vekt, operasjon, vedlikehold og miljøhensyn har hatt eit spesielt fokus.
Alt utstyr blir designa, bygd og testa ved Ulmatec sin avdeling på Hareid, før det vert montert ved Kleven Verft.