Signerte kontrakt for nytt hovudfarty

Kystdirektør Kirsti L. Slotsvik og verftsdirektør Hugo Strand frå Fitjar Mekaniske AS signerte kontrakt om eit farty nummer to.(Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket)
Onsdag 21. desember, signerte Kystverket og Fitjar Mekaniske AS ei kontrakt på om lag 145 millionar kroner for bygging av eit nytt kystverkfarty. Verftet er allereie godt i gong med eit første farty til etaten, og det er ein opsjon på eit farty nummer to som no er løyst ut.

Det er ikkje meir enn ei veke sidan Stortinget fatta vedtak om å auke Kystverket sin bestillingsfullmakt, slik at prosessen med å få på plass dette hovudfartyet kunne iverksettast.

– Dette er sjølvsagt ein gledens dag. Vi er glade for at vi fekk moglegheita til å løyse ut denne opsjonen på eit farty nummer to frå Fitjar Mekaniske. Fartya er viktige arbeidsverkty som gjev oss moglegheita til å løyse oppgåvene vi har på ein best mogleg måte. Dei er dessutan ein viktig del av den statlege oljevernberedskapen, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, som og er nøgd med at den signerte kontrakta inneber at Kystverket er i rute med sin plan for fartyfornying.

– Det betyr dessutan at vi held framdrifta i høve Norsk transportplan (NTP 2010–2019), som seier at vi skal ha ytterlegare tre farty i denne NTP-perioden, seier ho.

Det nye multifunksjonelle hovudfartyet skal vere klart i mars 2013. Det skal heite OV «Skumvær», og er altså systerfarty til OV «Utvær» som blir ferdigstilt av Fitjar Mekaniske i løpet av våren 2012.

Viktig for Kystverket
Dagleg leiar Sven Martin Tønnessen i Kystverket Rederi er sjølvsagt også tilfreds med at hovudfarty nummer to no blir realisert i høve fartyfornyingsplanen.

Han framhevar også at det nye fartyet er med på å styrkje den statlege oljevernberedskapen.

– Det har med seg oljeverneigenskapane frå dei eksisterande fartya våre. I tillegg har det heilt nye oljeverneigenskaper, samt kraftig forbetra kapasitet. I samband med oljeverns- og redningsaksjonar vil responskapasiteten i praksis vere dobla. Det mest iaugefallende vil likevel vere det integrerte og moderne oppsamlingsutstyret, fortel han.

Han beskriv det komande hovudfartyet som fleksibelt, miljøvenleg og sikkert.

– Det vil ivareta mannskapet sine behov både i forhold til komfort, HMS og arbeidsforhold. Vi har lenge hatt noko tilårskomne farty til å løyse oppgåvene våre. Det at vi no er godt i gong med denne fornyinga er med på å gjere Kystverket til ein meir truverdig og attraktiv arbeidsplass, meiner Tønnessen.

DEL