Ny ZeroCat 120 fra Fjellstrand

ZeroCat 120. Foto: Fjellstrand

Det nye fartøyet som Fjellstrand skal bygge for Fjord 1 er ei større og vidareutvikla utgåve av MF Ampere, og vil bli utstyrt for både større fart og lengre rekkevidde, opplyses det i ei pressemelding.

Fjord1 har signert kontrakt med Fjellstrand AS om bygging av ei heilelektrisk ferje av typen ZeroCat 120. Ferja er utvikla av Fjellstrand, og er planlagd å gå inn i sambandet Halhjem-Våge i Hordaland. Fjellstrand stod også bak bygginga av MF Ampere, som i 2015 skreiv historie som verdas fyrste batteriferje. Verftet var i så måte sentral i introduksjonen av ny batteriteknologi i ferjemarknaden.

– MF Ampere har vore i drift i to år og har til no segla ein distanse som utgjer omtrent fire gonger rundt ekvator. Dette har gitt oss verdfulle erfaringar til den vidare utviklinga av nullutsleppsteknologi, både for denne ferja og for andre type fartøy, seier Edmund Tolo, salssjef i Fjellstrand AS i pressemeldinga.

Den heilelektrisk ferja blir 87,5 meter lang og 20,8  meter brei, og vil ha ein kapasitet på 120 bilar og 12 trailerar. Salongen vil ha plass til 296 passasjerar. For å oppnå lågast mogleg energiforbruk vil ferja bli bygd i aluminium. Aluminiumsfartøy er ca. 60 % lettare enn tilsvarande skip bygd i stål, og batteripakkane og ladestasjonane kan dermed vera mindre og meir effektive. Aluminium er også eit svært berekraftig materiale, då det ikkje skil ut giftstoff og då det kan resirkulerast i det uendelege utan tap av kvalitet. Fjellstrand er internasjonalt leiande når det gjeld utvikling og produksjon av ulike typar fartøy i aluminium.

Heilelektrisk drift
Skipssystema i den nye ferja er optimalisert og utstyrt for effektiv utnytting av energien. Ferja skal operera strekninga heilelektrisk, men vil også få installert biodiesel-generatorar som reservekjelde når lading ikkje er tilgjengeleg.

– Nullutslepp og låg energibruk er viktige eigenskapar som er verdsette i dei nye anboda, og denne ferja gjer det mogleg å drifta endå lengre ferjestrekningar på batteri. Me er glade for at Fjord1 har plassert denne ordren hjå Fjellstrand, og ser dette som ei tillitserklæring til det utviklingsarbeidet Fjellstrand har gjort for å få fram miljøvenlege ferjer for framtida, seier Tolo.

– Valet av verft er basert på ei heilskapsvurdering av innovative løysingar, erfaring og pris. At me no kan signera ein kontrakt med Fjellstrand viser at norsk industri er konkurransedyktig i ein internasjonal marknad», seier Arild Austrheim i Fjord1.

Levering av ferga skal skje i fjerde kvartal  2018.

DEL