Nok ein STADT-kontrakt

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er verftet Fitjar Mekaniske Verksted på Stord som skal bygge brønnbåten, for Bakke-rederiet på Austevoll.

Det er Lerøy Seafood som skal leige den. Dei vert også medeigar i båten.

Båten får namnet «Seihav» , og kostar 300 mill. norske kroner. Lastekapasitet vert 3900 kubikk. Dette vert ein stor og moderne brønnbåt, og som får heil-elektrisk framdrift frå STADT AS. Hovedpropellen skal yte tett på 3000 kW og vert forsynt med energi frå 3 stk dieselgeneratorar.

I leveransen frå STADT skal det leverast hovedtavler i 690 V, nødtavler, No-Loss drives, elektromotorar, Power Management System etc.

Hallvard Slettevoll i STADT er svært glad for denne ordren, som vert nok eit interessant segment for selskapet i Gjerdsvika. Og det er gledeleg å sjå at ein del av STADT leveransane no hamnar på norske verft. – Tyngda av leveransane har i det siste gått til eksport, seier Slettevoll.