Etablerer nye turboverkstader

Karane i Hirtshals er Lars Weber (Marineservice A/S) og Mats B Sundbø (Sevi Turbo).

Tidleg i mars etablerte Sevi Turbo et komplett turboverkstad i Sandnessjøen for turboar i alle størrelsar og turboar til alle motormerker. Ikkje før var avtalen publisert så kom nyhende om tilsvarende etablering i Hirtshals.

Sevi Turbo inngikk ein samarbeidsavtale med Slipen Mekaniske AS for å også kunne tilby djupvasskaier, slipping og alt av verftstenester til kundar med fartøy i regionen.

Samarbeidet starta på best mulig måte med ein storordre i Sandnessjøen der vi gjennom samarbeidet med Slipen på rekordtid fekk fartøyet i drift igjen, fortel adm.dir. Roger Kaldhol i Sevi Turbo til Skipsrevyen. – Noe av det unike med vårt konsept, er at vi tar alle typer og størrelser av turboer. Han hevder at i norsk sammenheng er det ingen andre som har tilsvarende bredde I tjenestetilbudet.

Verkstaden inneheld avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.000 kg. Dette dekkjer alt av fartøy som går langs norskekysten i dag. Den har og lokalt lager for å sikre kundane kort nedetid og høg kvalitet. – Dei sparar både tid og pengar når dei slepp å sende turboar eller deler langvegs frå, seier Kaldhol.

Sevi Turbo tilbyr overhaling, balansering, reparasjon og bytteordning for små og store turboar frå verkstaden i Sandnessjøen, i tillegg til dei fem andre verkstadane Sevi Turbo har i Noreg. –Det vil også bli publisert nytt om fleire verkstadar både i utlandet og i Noreg innan kort tid, seier Kaldhol

Sevi Group er ein tverrfagleg leverandør for maritim næring med segmenta Sevi Turbo, Sevi Motor og Sevi Elektro. Frå etableringa i 2009 har Sevi vakse til å verte ein viktig leverandør av tenester til maritim industri. Selskapet har verkstadar langs heile kysten av Noreg.

I same periode etablerte Sevi Turbo ein komplett turboverkstad i Hirtshals. Det er inngått ein rammeavtale der Sevi Turbo skal levere alt av turbodeler og turboservice til Marineservice AS – Hirtshals som er ein del av den veletablerte Marineshaft-gruppen. I tillegg skal Sevi ha det som trengs av balanseringsmaskiner, spesialverktøy og personell i Hirtshals.