Jan Thormodsæter fra MAFOSS (t.v.) og Kristian Severeide fra fylkeskommunen representerer regionen vår i EU-prosjektet LeaderSHIP. Her ved verftet Meyer Turku i Åbo, Finland under kickoff-samling i november.

Blir partnar i stort EU-program - Målet er maritimt kompetanseløft

Møre og Romsdal fylkeskommune er blitt partnar i Erasmus+-programmet LeaderSHIP. Prosjektet skal bidra til å dekke framtidas kompetansebehov i maritim industri.

Publisert Sist oppdatert

Fylkeskommunen er ein av 19 partnarar frå åtte europeiske land, som inkluderer universitet, europeiske bransjeorganisasjonar, maritime klyngar, næringsaktørar og utdanningsinstitusjonar. 

– Maritim industri er ei viktig næring i fylket vårt, og fylkeskommunen har ei rolle både som næringsutviklar og som eigar og drivar av dei vidaregåande skolane. Med prosjektet får vi både verdifull kunnskap og erfaring, men også moglegheit til å vere med å utvikle opplæringstilbod for framtidas maritime yrke, seier Kristian Severeide, internasjonal rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fireårig prosjekt

Prosjektet LeaderSHIP (LeaderSHIP ─ Learning European Alliance for Digital, Environmental and Resilient Shipbuilding) er ein del av Erasmus+ og har eit budsjett på fem millionar EUR. Det vart starta opp i haust og skal gå over fire år. Felles mål er å halde nivået på den maritime næringa høgt i Europa og å vere pionerar på det globale nivået. Prosjektet skal finne løysing på korleis ein kan utvikle felles modellar og systematikk for etter- og vidareutdanning. 

Dette er Erasmus+

  • Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. 
  • Programmet er verdas største utdanningsprogram, og legg til rette for deltaking i samarbeidsprosjekt og praksisopphald i Europa.
  • Budsjettet for perioden 2021-2027 er på 26,5 milliardar euro.
  • Noreg deltar i Erasmus+ på lik linje med EU sine medlemsland.

Møre og Romsdal fylkeskommune er med som ein partnar som tilbyr relevant utdanning innanfor fag- og yrkesopplæring, og fagskole. Hovudoppgåva blir å teste ut nye opplæringsaktivitetar frå prosjektet.

MAFOSS er med

Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) er ein annan partnar i prosjektet LeaderSHIP. 

– Vi håper at ein i dette arbeidet får sameina og heva fagstandardar innanfor skipsbygging i Europa. Samstundes er det ein glimrande arena for å sjå kva våre konkurrentar i EU har som fokus, seier Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS.

Han er glad for at også Møre og Romsdal fylkeskommune er med i samarbeidet. 

– Fylkeskommunen og kompetanse- og næringsavdelinga er ein god og aktiv aktør for MAFOSS og er sentral for sikring av gode tilbod på yrkes- og fagskulane våre, seier Thormodsæter.