Slik vil dei norske ladetårna i New Zealand sjå ut.

Norske ladetårn brer om seg i verda

Zinus skal levera fleire MCS (Megawatt-charging System) i New Zealand.

Publisert Sist oppdatert

Kunden er ABB Singapore, men sluttkunden er Auckland Transport (AT). I ei pressemelding skriv dei at denne milepålen markerer eit stort steg for Zinus, i samarbeid med ABB Singapore, for å møta behova til sluttkunden Auckland Transport (AT) i New Zealand. 

AT har tinga fire nye hurtigbåtar, to frå EV Maritime og to frå Q-West Boat Builders / Hamiltion Jet, som skal ladast med den norske teknologien.

Zinus skal levera fem komplette MCS- ladetårn. Ladetårna har ein effekt på 2100A.

I pressemeldinga skriv dei at ladetårna integrerer alt naudsynt utstyr saumlaust, noko som inkluderer eit moderne kjølesystem for kablar. 

Det første MCS-systemet er planlagt å vera i drift innan midten av desember 2024, medan dei fire siste vert installert i løpet av 2025.