Vigra kringkastar og havområdet mot sør.
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Seier nei til freding av Vigra kringkastar
Riksantikvaren har avslutta fredingssaka for Vigra kringkastar og seier nei til vidare freding av anlegget. Dermed blir den mellombelse fredinga frå 2018 oppheva.
I vedtaket peikar Riksantikvaren særleg på manglande avklaringar om eigarskap og framtidig bruk, og vurderer det som for stor risiko at anlegget vil stå utan funksjon og dermed forfalle, heiter det i ei pressemelding.
Sjølv om Riksantikvaren slår fast at Vigra kringkastar har høg kulturhistorisk verdi og representerer viktig tele-, kyst- og krigshistorie, meiner dei at uvissa kring både eigarforhold og vidare drift gjer ei freding uhaldbart. Telenor ønskjer ikkje å stå som eigar, og både festeforhold og bruksplanar er uavklarte.
Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom fleire år gjort omfattande utgreiingar, tilstandsvurderingar og faglege vurderingar av anlegget.
Riksantikvaren rosar dette arbeidet i vedtaket og peikar på at fylkeskommunen har lagt vekt på å skape fleksible rammer for ny bruk, mellom anna ved ikkje å ta interiør med i fredingsforslaget. Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt styringa på prosessen og førebudd fredingssaka for Riksantikvaren. I prosessen har eit fleirtal i kommunestyret i Giske sagt ja til freding.
– Viktig del av historia
Seksjonsleiar Hilde Arna Tokle Yri i kulturavdelinga i fylkeskommunen hadde sett at vedtaket var annleis:
– Det er synd at Vigra kringkastar ikkje vert freda for ettertida. Anlegget er ein viktig del av tele- og kringkastingshistoria, og mange – ikkje minst kystfolket – har eit sterkt forhold til kringkastaren. Han har spelt ei nøkkelrolle i å gjere Noreg til ein moderne fiskeri- og kystnasjon.
– Viktig arbeid for å ta vare på Vigra kringkastar
Ho løftar fram arbeidet som venneforeininga og grunneigarar har lagt ned for å ta vare på Vigra kringkastar:
– Det er har igjennom mange år vore eit stort engasjement for å bevare Vigra kringkastar, og kommunen støtta positivt opp om fredinga. Vi skulle ønska at Telenor, framleis var opptatt av å ta samfunnsansvaret, og vere ein pådrivar for å finne ei løysing for ny bruk av Vigra kringkastar. No oppfordrar vi Telenor til å vere ein pådrivar for å finne ut korleis historia kan bli tatt vare på på anna vis enn gjennom freding, seier Tokle Yri.