Hovudkvarteret til Ulstein Group.

Ulstein Group avslutta året med fleire CSOV-kontraktar både for design og skipsbygging

Ulstein Group hadde i 2022 ei omsetning på 633,4 millionar kroner og eit driftsresultat på -13 millionar kroner.

- Sjølv om vi i 2022 såg slutten på den akutte fasa av pandemien, påverka Covid-19 framleis både omsetning og kostnadsnivå. Krigen i Ukraina har gitt utfordringar for globale forsyningskjeder og ført til generell prisauke, noko som har hatt negative konsekvensar for konsernet. Spesielt prisutviklinga har innverka på kontraheringsaktiviteten i alle våre marknadssegment. Ulstein har likevel greidd å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå gjennom delar av året, spesielt innan design, ettermarknad og service, skriv selskapet i ei pressemelding. 

Fleire kontraktar 

Ulstein gjekk inn i 2022 utan nybygg på verftet, og med eit avgrensa tal prosjekt i ordrebøkene. Vi avslutta året med fleire CSOV-kontraktar både for design og skipsbygging, ein design- og utstyrskontrakt for ein hekktrålar og designkontrakt for eit tungtransportfartøy.

- I tillegg har våre designbedrifter i Noreg og Nederland inngått fleire konseptdesignavtalar med ulike kundar. Vi var spesielt glade for å skrive kontrakt med Olympic, som er ein returnerande kunde, på to nybygg ved Ulstein Verft. 

Denne kontrakten inkluderer skipsdesign og skipsbygging, og også systemintegrasjon og forsyning av avanserte hybride kraft- og kontrollsystem.

Styrka posisjonen

- I 2022 har vi også styrka posisjonen til Ulstein som ein vesentleg aktør innan service- og ettermarknadssegmentet. Vi har hatt om lag tretti fartøy innom verftet for klassing, reparasjons- eller serviceoppdrag, som også har generert leveransar frå fleire Ulstein-bedrifter, skriv Ulstein. 

I Kina har Ulstein Electrical Technology gjennomført ei rekke prosjekt, og mellom anna saman med Ulstein Power & Control lykkast i å selje reservedelar og ettermarknadstenester til Sinoocean. Ulstein Marine Equipment er også inne i ein positiv trend, og eitt av deira prosjekt inneber levering av hovudtavler som ein del av GE-kraftpakken til Acta sine fartøy under bygging i Tyrkia.

- Vi har i 2022 blitt tildelt ulike prisar og nominasjonar for vårt innovative arbeid med utvikling av TWIN X-STERN, Acta-skipa, løysingane i ECOFIVE-trålaren og ULSTEIN THOR, inkludert ein innovasjonspris og prisen for Årets industridesignbedrift. Vi vil halde fram satsinga på innovasjon innan vår produkt- og tenesteportefølje, beståande av smarte løysingar som dekker kunden sine behov.

Venta auka etterspurnad 

- Vi ventar auka etterspurnad etter miljøvenleg teknologi på nybygg og moglegheitene for lav- og nullutsleppstonnasje i åra framover. Konsernet bidreg aktivt i utviklinga av nye skipsløysingar for å redusere utslepp til luft, for eksempel nye løysingar relatert til batteri, alternative energiberarar og nye skrogformer. Dette er viktige bidrag fram mot lav- og nullutsleppssamfunnet.

 Meir miljøvenleg skipsfart og aukande digitalisering vil påverke etterspurnaden etter nybygg og tenester i fleire marknadssegment.

Det norske kostnadsnivået i arbeidsintensiv industri gjer det krevjande å konkurrere internasjonalt. Dersom ein framover ønsker ei komplett maritim klynge i Noreg, må myndigheitene vere med på å legge til rette for dette, blant anna gjennom innføring av seriøsitetskrav i offentlege anbod. 

Ei einsidig innføring av særkrav i Noreg gir norske bedrifter ei konkurranseulempe.

- For å nå dei måla Noreg har innan maritim næring, meiner vi at det vil vere avgjerande at eitCO2-fond, basert på same prinsippa som NOx-fondet, blir oppretta.