Shanghai Electric sine serviceoperasjonsskip er baserte på designa SX195 og SX197 frå Ulstein.

Kjølstrekk for Kina første serviceoperasjonsskip

Den 30. november 2022 vart det halde kjølstrekkseremoni ved ZPMC-verftet for dei første serviceoperasjonsskipa (SOV-ane) til vindparkar i Kina. Dei to fartøya er av Ulstein sine design SX195 og SX197 og er bestilte av Shanghai Electric. Leveringa er planlagt til høvesvis slutten av 2023 og tidleg i 2024.

Kina sitt første SOV-prosjekt femner om to ulike design, men der begge har skroglinjeformene X-BOW og X-STERN.

Skipa kan romme høvesvis 60 og 100 personar og gjer Shanghai Electric i stand til å tilby kundane svært effektive, robuste og topp moderne fartøy til drift og vedlikehald av vindparkane.

Det er lagt vekt på optimalisert driftskapasitet, økonomi og yteevne i skipsdesigna. Med batteri installerte vil fartøya gi reduserte utslepp i arbeidet sitt med å betjene fornybar energi-marknaden.

Brennestarten til dei to skipa var den 15. september 2022.