Arkivfoto: Ulstein Group

Ulstein i pluss i 2021

Ulstein Group hadde i 2021 ei omsetning på 1,21 milliardar kroner og eit driftsresultat på 56,4 millionar kroner. Covid-19 har også i 2021 påverka både omsetninga og kostnadsnivået negativt. Konsernet har likevel klart å oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå gjennom delar av året, levert to nybyggingsprosjekt på tid og kan vise til eit positivt årsresultat.

Publisert Sist oppdatert

- Covid-19-pandemien førte til lav ordreinngang og reduserte inntekter. For å kunne møte endringane i marknaden blei det nødvendig å justere kostnadsnivået, som igjen førte til ein betydeleg omstillingsprosess. Desse endringane var ferdigstilte innan årsslutt og har vore viktige for å styrke konkurranseevna vår. Året 2021 enda med positive tal for dei fleste av selskapa våre, eit resultat som ikkje hadde vore mogleg utan hardt arbeid, fleksibilitet og innsats frå våre dyktige kollegaer over heile verda, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i ei pressemelding fredag.

- To viktige milepålar som har sikra lønsemda var leveringa av kabelleggingsskipet «Nexans Aurora» og ekspedisjonscruisefartøyet «National Geographic Resolution», som begge vart leverte på kontraktsfesta leveringsdato trass parallell handtering av utfordringane Covid-19-pandemien gav.

Halde seg konkurransedyktig

- Krigen i Ukraina, som har resultert i ei humanitær krise, har også for industrien ført til ein spent situasjon. Råvarekostnadane har auka, leveringstider forlenga og logistikk-kjeder strekte. Inflasjonen er høgare enn vi har sett på mange år, og kontraktsforhandlingar vert utsette, alt saman faktorar som påverkar vår industri. Generelt ser vi at stadig fleire reiarlag i inn- og utland vender seg bort frå norske verft for sine nybyggingsprosjekt. Det same kan i stor grad seiast å vere gjeldande også for kontrahering frå norske myndigheiter sidan 2017. Dette heng blant anna saman med dei særnorske rammevilkåra for arbeidsintensiv industri, som gjer det utfordrande å konkurrere internasjonalt. For å kunne ivareta ei komplett maritim klynge i Norge i framtida, er det viktig at myndigheitene styrkar tiltak overfor maritim industri og legg strategiske føringar som bidreg til å halde klynga i førarsetet ved utvikling av nullutsleppsløysingar

Havvind-marknaden

- Ein viktig marknad for Ulstein er havvind. Med den designporteføljen vi har i dag er vi i stand til å dekke designbehova for heile levetida til ein havvindfarm, frå kartlegging av havbotnen fram til oppgradering eller demontering av vindfarmen. Designaktiviteten vår i 2021 femner blant anna om ein utvida engineeringskontrakt på eit steininstallasjonsfartøy for GLDD i USA og ein designkontrakt på dei første kundetilpassa SOV-skipa i Kina for Shanghai Electric Windpower Group. Fokuset på havvind held fram i 2022, og denne veka vart kontrakten på vårt første TWIN X-STERN-design, 2+2 CSOV-skip for Acta Marine, annonsert.

Grønare framtid

- Den maritime næringa arbeider målretta for nullutslepp i industrien. Alle førespurnadar, prosjekt og kontraktar har hatt smartare og grønare løysingar blant hovuddrivarane for dei avgjerdene som vert tatt. Designløysingane våre bidreg i retning av grønare operasjonar for reiarlaga. Blant desse har vi signert ein kontrakt på konseptutvikling av eit hydrogendrive containerskip for EDGE Navigation, og design og kraftløysing for eit topp moderne fiskefartøy for Bluewild. Eit anna viktig prosjekt for Ulstein var kontraktane med ESVAGT som gjekk ut på oppgraderingar av ‘Esvagt Heidi’ og ‘Esvagt Leah’. Oppgraderingane vil redusere drivstofforbruk og utslepp, og forlenge levetida til dieselmotorane på fartøya. Dette er viktige steg mot ei nullutsleppsframtid, seier Marti.

- Ulstein sin innovasjonskultur og vår ambisjon om å få ned karbonutsleppa frå skipsfartsoperasjonar gjer at vi kontinuerleg jobbar med løysingar for nullutslepp i maritim industri. 'ULSTEIN THOR'-konseptet, ein flytande «kraftstasjon» driven av ein Thorium saltsmeltereaktor, kan mogleggjere dette. Vi trur at denne innovasjonskulturen, saman med hardt arbeid, vil gjere at Ulstein framleis er ein leiande aktør i den maritime næringa, avsluttar Marti.