Kvamsøy fergekai.

Tre reiarlag samarbeider for å skaffe ferje

Etter iherdig jobbing dei siste dagane, har det no kome på plass ei løysing for sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Tre reiarlag samarbeider om ferjebyter for få på plass ferje i sambandet.

Sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya har vært utan ferje sidan reserveferja, MF «Kvam», hadde ein samanstøyt med ferjekaia på Kvamsøya natt til måndag. Hovudferja MF «Os» er ute av drift med tekniske problem, skriv FRAM i ei pressemelding.

Fortvilelsen er stor på øyane, og spesielt blir næringslivet råka når dei ikkje får frakte varer med ferja. Tysdag meldte FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune at det var store utfordringar med å skaffe ferje som er sertifisert i fartsområde 3 som sambandet ligg i, og som kan legge til i alle ferjekaiene i sambandet.

No er det likevel kome på plass ei løysing, og den inneberer eit samarbeid mellom alle dei tre reiarlaga som har ferjekontrakter med FRAM: Fjord1, Torghatten Nord og Norled. Fjord1 og Torghatten vil no omdisponere ferjer frå sine samband, for at Norled skal få på plass ferje til øyane i Sande. Slik blir løysinga:

  • Ferja MF «Haram» blir lånt ut frå Torghatten Nord til Norled og vil gå i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.
  • Fjord1 låner ut MF «Aukra» til Torghatten Nord og denne ferja vil gå i sambandet Brattvåg–Dryna.

– Vi er svært glade for at vi no har ei løysing som gir øyfolket i Sande eit ferjetilbod, seier Hilde Johanne Svendsen, seksjonsleiar for drift i FRAM.

– Reiarlaga har vist stor fleksibilitet og samarbeidsvilje, og det er vi i FRAM veldig fornøgde med.