Det gjenstår enno ein del arbeid før skroget kan slepast til Ulsteinvik for ferdigstilling Foto: Ulstein

Storblokkene til «Nexans Aurora» er samanstilte

Alle storblokkene til kabelleggingsskipet (CLV) «Nexans Aurora» har no vorte samanstilte på skrogverftet CRIST. No står det att arbeidsoppgåver som mindre stålarbeid, noko utrusting og måling før skroget skal slepast til Ulstein Verft for ferdigstilling.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv Ulstein verft i en oppdatering på eigne heimesider. 

«Nexans Aurora» er eit DP3-kabelleggingsfartøy som vil bli utstyrt for legging av kraftkablar, inkludert buntlegging, skøyting og reparasjonar, og kabelsystemvern og grøfting.

Kontrakten mellom Nexans og Ulstein Verft blei annonsert i juli 2018. Skrogproduksjonen tok til i februar 2019. Fartøyet er designa av Skipsteknisk og har ei lengd på 149,9 meter og breidde på 31 meter.

«Nexans Aurora» har stor kapasitet med mellom anna ei svingskive for 10 000 tonn kablar. Skipet har også eit eige, lukka område for skøyting av kablar med eit kontrollert arbeidsmiljø med same standard som i Nexans sine fabrikkar.
Skipet har plass til opp til 90 personar og er levering er planlagt til 2021.