Det var folkefest då «Statsraad Lehmkuhl» kom seglande inn til Bergen laurdag føremiddag.
Foto: Anders Huke
«Statsraad Lehmkuhl» er attende komen
Etter 20 månadar på seilas segla «Statsraad Lehmkuhl» inn til Bergen laurdag føremiddag.
Her vart skipet møtt av eit folkehav av begeistra bergensarar, samt prominensar som byrådsleiar og ordførar av Bergen, fylkesordførar i Vestland og Hans Majestet Kongen.
- For eit vêr, for eit oppmøte og for eit fantatisk skip me har. Det er fantastisk å sjå så mange her i dag, sa ordførar Linn Kristin Engø i sin tale.
Det staslege skipet er 98 meter langt og 12 meter breitt. Med småbåtkortesje innover mot Vågen, og kadettar i kvar ei mast segla skipet inn i ein solfylt vestlandshovudstad.