
STADT åpnar nytt kontor i Singapore
Singapore har lenge vore ein svært viktig marknad for STADT AS. For å styrke nye prosjekt og gi den beste service til eksisterande STADT-kundar i regionen, har STADT etablert eige kontor i Singapore.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Åpninga vart markert med ein seremoni i den nye Tech-Labben som Innovasjon Norge har etablert ved den norske ambassaden i Singapore.
Den norske ambassadøren i Singapore - Eivind S. Homme var æresgjest, og holdt ein velkomsttale for dei frammøtte. Representantar frå DNV og den maritime næringa i Singapore var til stades.
Mottatt med entusiasme
Seremonien vart åpna av Direktør Pål Kastmann, Innovasjon Norge, som ynskte STADT SINGAPORE til lykke med etableringa, og peikte på det lange og tette samarbeidet mellom STADT og Innovasjon Norge.
Direktør Hallvard L. Slettevoll , STADT AS og direktør Richard Yong frå STADT Singapore sa i sine talar at Singapore-markeden har motteke STADT sin teknologi med entusiasme. Kundar som også var tilstades, kunne bekrefte at STADT sin Lean Propulsion ® har vist seg svært effektiv og påliteleg i operasjon over fleire år no.
Ambassadør Homme med sin militære bakgrunn, framheve dei viktige Stealth-eigenskapane ved STADT sin teknologi som avgjerande for å lukkast i den militære marknaden , der ein ser nye krav til elektrifisering av skipa. Dette på grunn av både miljømessige hensyn, og at nye våpensystem krev mykje elektrisk energi.
Fagseminar om elektrisk framdrift av skip
Etter åpninga, vart det arrangert eit seminar om elektrisk framdriftsteknologi. 20 inviterte gjestar fekk presentert siste nytt om STADT Lean Propulsion.
I konferansen la STADT fram eksempel på sine gode elektriske framdriftsløysingar, og eigenskapane som er påkrevde for sivile og militære skip. Det vil vere krav til minimal eller ingen elektrisk støy, både inne i skipet, og like så undervanns-støy . Her har Stealth teknologien frå STADT vist seg suveren. Dette har det norske sjøforsvaret nyleg bekrefta gjennom sine utførte målingar.