Matrosen tok hand om brannsløkkinga: - Reagerte sporenstreks
I midten av oktober oppstod det ein brann på ferja MF Kragerø.
Ferja var på veg frå Jomfruland til Kragerø. Då dei nærma seg kaien kom det røyk opp frå motorrommet på ein bil.
Det var ein Citroën veteran-varebil som hadde ein elektrisk feil, fortel driftsleiar i Kragerø Fjordbåtselskap, Pål Larsen.
Matrosen fekk sløkt brannen med eit brannslukkerapparat.
- Skipperen fortalte at matrosen reagerte sporenstreks. Det var ingen dramatikk knytt til hendinga. Hadde det vore ein el-bil hadde det nok vore noko anna.
- Er dette noko som skjer ofte?
- Nei, me har ikkje hatt det i seinare tid.
Ingen vart skadd under hendinga, heller ikkje ferja.
Bilen vart dytta på land ved Kragerø ferjekai. Kva skade bilen fekk står det lite om i rapporten frå Sjøfartsdirektoratet, men den vart henta av redningsselskapet Viking.
Les også:
-
Må tettere på mindre fartøy etter ulykkesøkning
Ulykkestallene for næringsfartøy øker. Nå ser Sjøfartsdirektoratet særlig mot de mindre fartøyene.
-
Tre omkom på næringsfartøy i første halvår
Tre personer mistet livet i ulykker med næringsfartøy i første halvår av 2026. Samtidig fortsetter det totale antallet ulykker å øke.
-
Holder tredjeplassen på Paris MoUs White List
Norge befester posisjonen som et kvalitetsflagg, og er igjen rangert som verdens tredje beste flaggstat på Paris MoUs White List. Samtidig leverer norske skip sterke resultater i både Tokyo MoU og US Coast Guards Qualship 21-program.
-
– Sikkerhet og liv må alltid komme først
449 sjøfolk mistet livet på verdens hav i 2024. På den internasjonale dagen for sjøfolk, 25. juni, retter Sjøfartsdirektoratet oppmerksomheten mot arbeidet for å forebygge ulykker og dødsfall i den maritime næringen.
-
Nye kranregler skal løfte sikkerheten
Sjøfartsdirektoratet foreslår en omfattende modernisering av regelverket for løfteinnretninger på skip. Forslaget innebærer strengere kompetansekrav, nye kontrollordninger og regulering av teknologi som hittil har falt utenfor regelverket.