Foto: Westcon Florø
Westcon i Florø utvidar staben
Målet er å styrkja bedrifta både teknisk og administrativt, skriv Firdaposten.
Alt frå førarbeid til produksjonsarbeid skal få seg eit løft, noko som betyr at dei treng folk som kan prosjektera og planleggja. Ingeniørar og økonomi- og administrasjonarbeidarar er mellom anna ynskjeleg.
Til Firdaposten peiker HR- leiar Ninja Tolo Ness på at arbeidsmarknaden er stram, men at dei er opne for å vurdera kompetansen mellom søkjarane med eit ope sinn.
Noko som kan tyda på at du ikkje treng verftserfaring for å få deg jobb.