- Selskapet forlikte i september 2022 konflikten med reiarlaget Kenfish II AS i forbindelse med totalhavariet av fiskefartøyet «Fay» (bygg nr. 40) i desember 2019.
Forlik og designfeil gjorde utslag på verftet sin rekneskap
Difor gjekk dei fleire millionar i minus.
Selskapet enda med eit driftsresultat på minus 11,8 millionar kroner mot minus 2,4 millionar i 2021. Årsresultatet var minus 9,2 millionar mot -1,7 året før.
- Selskapet forlikte i september 2022 konflikten med reiarlaget Kenfish II AS i forbindelse med totalhavariet av fiskefartøyet «Fay» (bygg nr. 40) i desember 2019, og kostnadane med dette er fullt ut hensynstatt i årsrekneskapet for 2022. I tillegg har Stadyard fått betydeleg ekstrakostnadar i forbindelse med feil og manglar med designarbeidet på bygg nummer 47. Dette er òg hensynstatt i årsrekneskapen for 2022, skriv dei.
Dei peikar på at konsekvensen av desse to hendingane har medført at Stadyard ikkje har ein soliditet som styret er tilfreds med, og styret planleggjer difor å styrka selskapet finasielle stilling.