Bildet viser norske kystjegere som i Nord-Norge trener opp ukrainske marinestyrker i 2023.

Storbritannia og Noreg skal hjelpe Ukraina med å byggje kyst- og sjøforsvar

I dag offentleggjorde den britiske og den norske forsvarsministeren at Storbritannia og Noreg går saman om å leie den maritime koalisjonen til støtte for Ukraina.

– Storbritannia, Noreg og andre land vil hjelpe Ukraina med å styrka tryggleiken langs kysten og til havs. Ukraina skal få støtte til å byggje ein varig maritim kapasitet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og held fram:

– Eg vil takke Storbritannia for å ha tatt initiativet til å opprette denne koalisjonen, og for å vere vertskap for lanseringa av «Maritime Capability Coalition» her i London i dag. Forsvaret av Ukraina er viktig for euro-atlantisk tryggleik.

Allierte og partnerar har tett dialog om korleis vi kan organisere militær støtte til Ukraina framover, skriv Regjeringa i ei pressemelding. 

 Ulike koalisjonar er etablert for å støtte Ukraina.

– Målet er å utvikle vidare arbeidet som allierte og partnerar gjer for å støtte Ukraina, både på kort og lang sikt. No vil Storbritannia, Noreg og andre land hjelpe Ukraina med å byggje ein varig maritim kapasitet. Dette er eit langsiktig prosjekt og støtta vil krevja mykje arbeid i mange år framover, seier Gram.

Noreg som sjøfartsnasjon kan bidra med maritim kompetanse, nye teknologiske løysningar og nytenking.

– Vi må hjelpe Ukraina i arbeidet med å opne handelsrutar og fri ferdsel i Svartehavet. Vi har mål om å styrke Ukrainas sjøforsvar og forbetre Ukrainas evne til å operere langs eigen kyst. Noreg har gjennomført opplæring av ukrainske soldatar i småbåtoperasjonar og vil kunne byggje videre på denne støtta når dei konkrete planane for videre utvikling er ferdige, seier forsvarsministeren.

Noreg vert med i leiinga av den nyskipa koalisjonen kor fleire land er venta i bli med. Det er etablert ulike kapabilitetskoalisjonar. Dette er ulike spesialiserte undergrupper innafor ulike kapasitetar, som til dømes innan luftvern og det maritime. Målet er å vidareutvikla arbeidet allierte og partnarar gjer for å støtte Ukraina, på kort og lang sikt.