Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»

«Olympic Boreas» sjøsett

Laurdag 6. april vart konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) «Olympic Boreas» dokka ut frå dokkhallen ved Ulstein Verft. Skipet er basert på den nye TWIN X-STERN-løysinga - sjøens svar på 'firehjulsdrift', ifølgje reiarlaget.

Publisert Sist oppdatert

«Olympic Boreas» er byggnummer 318 og det første av to søsterskip for Olympic. Som CSOV-skip skal skipa yte støtte til konstruksjonsprosjekt og utføre serviceoppdrag innan offshoreenergi, skriv Ulstein i ei pressemelding.

Representantar frå reiarlaget og skipsverftet var til stades på utdokkinga for å sjå når skipet kom glidande ut frå dokkhallen.

- Det var flott å sjå på sjøsettinga av «Olympic Boreas». Den kvaliteten på skipsbyggingsarbeidet som Ulstein har vist gjennom byggjeprosessen er imponerande. Vi ser fram til å overta dette toppmoderne CSOV-fartøyet når det er ferdigstilt til sommaren. Skipet er utstyrt med det nyaste av teknologi som kan mogleggjere berekraftige operasjonar, fortel VP Commercial / Renewables Frode Andreassen i Olympic.

Prosjektstatus

- Utrustingsarbeidet, som femner om innreiing, elektriske installasjonar, røyrarbeid og mekaniske installasjonar er godt i gang. Utvendig målingsarbeid vart ferdigstilt medan skipet oppheldt seg i kontrollerte omgjevnader inne i dokkhallen. Vi har også komme i gong med oppstartsstadiet i prosjektet, fortel prosjektleiar Helge Torvik i Ulstein Verft.

Om fartøya

Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vart signert i 2022 og inneber bygging av to CSOV-skip ved Ulstein Verft. Skroga vert bygde ved Crist-verftet i Polen. 

Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control skal levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse til skipa.

Fartøya er baserte på ULSTEIN SX222-designa frå Ulstein Design & Solutions AS. Dei har ei lengd på 89,6 meter og ei breidd på 19,2 meter og har plass til 126 personar fordelte på 91 utvendige lugarar med dagslys.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet vil sikre høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert avtrykk.

Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»
Fra sjøsettingen av «Olympic Boreas»