Bak kulissane:
Slik vert «Nexans Electra» bygd
Skipsbyggingsprosjektet «Nexans Electra» nærmar seg sluttfasen i dokka før det omfattande arbeidet held fram ved kai fram mot prøvetur våren 2026. Korleis organiserer ein arbeidet for hundrevis av arbeidarar, underselskap og leverandørar i mange månader for å få prosjektet ferdig på tid og på budsjett? Bli med på reisa saman med prosjektleiar Runar Toftesund ved Ulstein Verft.
Etter at skroget kom til Ulstein Verft i underkant av fire månadar sidan, er mange tusen timar lagt ned i det komplekse prosjektet som no lyser opp dokkhallen med sin skarpe raudfarge.
Arbeidslista som prosjektleiaren legg fram er nærmast endelaus:
– Vi er ferdige med leggehjula bak og har installert mesteparten av underdekkskarusellen. No er vi i gang med hovudkarusellen, vi har fått inn hovudmotorane i maskinrommet, malt alle tankar og malt utvendig skip. No er vi godt i gang med innreiingsarbeidet, har støypt og retta alle dekk, montert kranene, installert kapstanen, er i ferd med å løfte på tensionerane – altså dei systema som held kontroll på høgspentkabelen under operasjon, har installert alle tavlene, held på med å kople kablane, har lagt det meste av isorøra og er i gang med hydrauliske og andre mindre rør. Vidare er alt av isometriske rør ferdig kappa og bygde, alle fundament til komponentar er på plass, eksosrøra er installerte etter at vi først har utført isolering og blekking, det sistnemnde inneber å leggje på ei kapsling. Og thrusterromet er omtrent ferdig, fortel prosjektleiaren i Ulstein Verft, Runar Toftesund.
Utdokking og landstraumtilkopling
Framleis er det nokre månader igjen til levering. Det 149,9 meter lange skipet inne i dokkhallen går no gjennom dei siste førebuingane før det skal dokkast ut og bli lagt til kaia. Der blir skipet kopla på det nye landstraumanlegget som skal sørgje for ei stabil og trygg kjelde til rein energi i den siste utrustingsfasen.
Nøkkelen til realisering av komplekse prosjekt
– Korleis er det å leie dette store prosjektet med alle involverte instansar og personar?
– Det er eit stort prosjekt og viktig med eit godt team rundt seg. Ein avgjerande faktor for oss som skipsverft er godt samarbeid med reiarlaget. Nexans er erfarne og kunnskapsrike, dei er krevjande, men ryddige, strukturerte og systematiske. Dei har gode rutinar og reglar for korleis ting skal løysast i prosjektet, og veit korleis dei vil ha ting. Nexans er løysingsorienterte saman med oss for å drive prosjektet framover, og avgjersler må vere stadfesta skriftleg for å drive prosjektet framover, noko som er heilt avgjerande i eit prosjekt av denne storleiken. Vi leverer skipet i lag, seier Toftesund.
Han forklarar vidare at samarbeid mellom dei ulike fagdisiplinane ved verftet også er avgjerande:
– Det er klart, det er eit stort prosjekt og mykje arbeid. Derfor er det viktig å ha eit godt team rundt seg. Vi har tilgang til alle disiplinane ved Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon; det inkluderer innkjøp, elektro, stål, innreiing, maskin, måling, rigg, vedlikehald og service. Vi legg alle våre krefter i å vere til å stole på og halde det som er avtalt, og då krevst godt samspel mellom alle, både i Ulstein som organisasjon, våre leverandørar og kunden. Saman skal vi levere rett kvalitet til rett budsjett og til rett tid.
Det er ikkje første gongen Nexans og Ulstein samarbeider om eit stort prosjekt. I 2021 leverte Ulstein kabelleggingsskipet «Nexans Aurora». Prosjektleiar for Nexans, Frode Beyer, oppheld seg på nytt ved Ulstein Verft gjennom store delar av prosjektperioden. Han hadde den same rolla også den gongen. Han fortel at Nexans har vore opptatt av å få til eit samarbeid med sine to hovudleverandørar: Ulstein og NOV:
– Vi er opptatt av å dra nytte av den relasjonen og erfaringane vi allereie har frå å levere «Nexans Aurora». Vi kjenner kulturen, både til folka og til dei ulike selskapa, seier Beyer.
– Det er utruleg givande å jobbe med personar som er glade i å arbeide i det dei driv med, som har sine profesjonar og jobbar i team. For å få slike tverrfaglege team til å fungere må det jobbast med. Ein må lære seg å bli kjent, og lære seg å respektere kvarandre sine grenser. Det har vi vore innstilt på begge partar, å finne gode løysingar saman og vere opne og tydelege på forventningar og krav. Vi utnyttar også at vi har «Nexans Aurora» å kunne samanlikne med på nokre område. Vi har dratt nytte av litt repetisjon frå engineerings- og innkjøpsfasane, men så er det jo nye utviklingar av system – det er jo fem år sidan sist. Vi har også tatt med oss litt lærdom frå operasjon, då er vi avhengige av å ha ein leverandør og medpart i prosjektet som er villig til å sjå på løysingar og at det blir gjort på ein skikkeleg måte.
Rolla som prosjektleiar
Som reiarlaget sin prosjektleiar er Frode Beyer si rolle å følgje opp planane til Ulstein og NOV, sjå på tekniske løysingar og gjere avklaringar.
For Runar Toftesund i verftet er rolla annleis. Ein typisk dag startar med eit morgonmøte i prosjektet. Der går gruppa gjennom dagens status, planlegg det vidare arbeidet, diskuterer ulike problemstillingar, koordinerer og fordeler ressursar slik at alle avdelingane skal kunne arbeide mest mogleg effektivt. Deretter følgjer gjerne ein tur om bord saman med assisterande prosjektleiarar. Elles kan dagen romme diverse møte og allokeringar, og rapportering.
I «Nexans Aurora»-prosjektet hadde Toftesund rolla som Bid Manager, det vil seie at han var inne berre i kontraktsfasen.
– Denne gongen er eg med heile vegen. Overgangen har vore interessant og lærerik, det gir verdifull innsikt i kva som er hovudoppgåva vår, nemleg å byggje skip og skape eit produkt saman med kunden, avsluttar han.