No skal milliardkontrakt ut på anbod

Kystverket skal inngå ei ny driftsavtale med leveranseoppstart frå 2028. Tilbringartenesta er ei viktig teneste som sikrar at los kjem seg trygt og effektivt til og frå lossøkande skip langs kysten.

Klimaregnskapet for 2024 viser at tilbringartenesta står for ein stor del av Kystverket sine klimagassutslepp. 

Klima- og miljøomsyn blir derfor vektlagt i konkurransen. Leverandørar må i samhandling med Kystverket bidra til å redusere utslepp frå tenesta, i heile kontraktsperioden, heiter det i ei pressemelding frå Kystverket.

I meldinga skriv Kystverket at for å møte klimautfordringane trengst det framtidsretta løysingar. Gjennom det siste året har etaten hatt dialog med marknaden og andre interessentar for få oversikt over moglegheitene.

– Gjennom marknadsdialogen, samt ei høyringsrunde i sommar, har vi fått mange gode innspel som er tekne inn i konkurransegrunnlaget. Vi opplever stor interesse både for å bidra til ei grøn omstilling av tenesta og eit ønske om samarbeid og partnarskap for å nå måla, seier Christina Rörick, prosjektleiar i Kystverket.

Den nye kontrakten trer i kraft i 2028 og har ein verdi på mellom 3,5 og 4,5 milliardar kroner.

 Les konkurransedokumenta og søk om å delta via Doffin