Oliver Berdal på helikopterdekket til det nye fartøyet KV Jan Mayen
Oliver Berdal på helikopterdekket til det nye fartøyet KV Jan Mayen

Det starta med fritidsbåt før han forsvann under vatn - no styrer han heile Kystvakten

Han er bergensar, jobbar på Sortland i Vesterålen og er sjef for Kystvakten.

Publisert Sist oppdatert

Flaggkommandør er tittelen og Oliver Berdal er namnet. Eit råd frå faren i ungdomstida har ført han dit han er no. Vestlendingen vaks opp som ein av fem i søskenflokken i Bergen med mykje tid i tresnekke i Øygarden. Båtliv og sjø var ein viktig del av helger og feriar. Pussing og vedlikehald av trebåten var ein årleg aktivitet, men meir maritimt enn det vart ikkje kvardagen for Kystvaktsjefen i oppveksten. 

Faren som var lege og professor var ein periode skipslege i Sjøforsvaret og tenestegjorde mellom anna på Kongeskipet. Etter Berdal var ferdig med vidaregåande gav faren han ein dytt i retning Sjøforsvaret.

-Etter befalsskulen for Marinen i Horten i 1993 fekk eg sett norskekysten opp og ned i 1994-1995 som skipsbefal om bord på Hauk-klasse missil-torpedobåt. Me var i Russland i 1995, som var først gongen norske marinefartøy var der etter den kalde krigen. Me hadde eit år der me var innom kvar einaste krok langs den norske kysten. Bygder, byar og småstadar. Det året var fantastisk, eg fekk sett den vakre naturen, men og korleis kystnoreg heng saman.

Bli abonnent hos Skipsrevyen.no

For å få tilgang til dette innholdet trenger du et abonnement med Skipsrevyen.no Pluss-saker inkludert.

Bli abonnent og les denne og mange andre pluss-saker.
Min side

Kjøp abonnement i vår nettbutikk her

Nettbutikk