Skipet har fått absorberande lenser rundt seg.

«Isbjørnen 2» er laus og lensa

Det vart umiddelbart sett i gong ein redningsaksjon måndag kveld etter at eit skip grunnstøytte. 15 personar vart evakuerte ved hjelp av sysselmannen sitt helikopter.

Publisert Sist oppdatert

På Twitter vert det tysdag opplyst at KV «Svalbard» har sett ut absorberande lenser rundt «Isbjørnen 2» som grunnstøytte i Borebukta.

Skipet hadde 12 franske passasjerar og eitt mannskap på tre. Ingen er skadde.

Tidlegare uttalte Sysselmeistaren at skipet hadde ei sterk slagside og tek inn vatn.

- Det er observert oljelekkasje i sjøen, men omfanget er ukjent. Oljevernberedskap er sett, og Sysselmeisterens tenestefartøy «Polarsyssel» samt KV «Svalbard» er på veg til skadestaden.

Fartøyet vart slept av grunnen på høgvatn. Det er ingen større skadar på skroget, eller utslepp som er avdekka. KV «Svalbard» har slept fartøyet til Longyearbyen.