MS «Fram»

Hevda dei gjorde alt rett  – rapporten talar mot dei

Då Skipsrevyen omtalte hendinga peika reiarlaget på at alt vart handtert rett, men ville ikkje fortelja kva som hadde skjedd. Ny informasjon dannar eit bilete av kva som skjedde med MS «Fram» mellom Colombia og Panama.

Publisert Sist oppdatert

I ulukkesrapporten sendt til Sjøfartsdirektoratet (SDIR) gjekk det fram at noko hadde skjedd mellom MS «Fram» og eit ukjent fartøy den 10. april. Mykje av rapporten, mellom anna kva som hadde skjedd, var sensurert.

Då Skipsrevyen tok kontakt med reiarlaget, Hurtigruten Expedition (HX), om den sensurerte rapporten uttala dei mellom anna det hadde vore ein kortvaring situasjon med ein tredjepart, men at det vart løyst raskt, og i tråd med deira standard handteringsprosedyrar. 

Kapteinen og mannskapet skal med stor varsemd ha gjort tiltak for å sikra sikkerheita til gjestene, mannskapet og skipet. Ved å gjera det skal dei ha unngått alle farar. 

Ukjent intensjon

Skipsrevyen klaga på sensuren av rapporten og bad Sjøfartsdirektoratet om ei grunngjeving for sensuren. Etter dette vart det sendt ein ny og mindre sensurert versjon av ulukkesrapporten frå SDIR. 

Her går det fram at vedkommande som var på vakt hadde vore på jobb i om lag 40 minutt, og at godt nattsyn var etablert. Vedkommande hadde observert og henta ut informasjon om noko på “automatic radar plotting aid” (ARPA). 

Det som var observert på radaren hadde ikkje på automatisk identifikasjonssystem (AIS), men visuell observasjon vart stadfesta.

Dette skal ifølgje rapporten ha vore eit fartøy.

I rapporten går det fram at det då var ukjent kva intensjonen til det involverte fartøyet var. Det vart gjort ei ruteendring mot hamna, men klokka 20:37 skal det ha vore eit samanstøyt, går det fram i rapporten. 

Informerte ikkje kapteinen

Vidare står det at kapteinen vart gjort merksam på hendinga først to dagar etter kollisjonen, basert på fråsegn frå vitne. Vedkommande på vakt hadde ikkje informert kapteinen om kollisjonen, og heldt informasjonen for seg sjølv til vedkommande vart konfrontert med videobevis, står det i rapporten sendt frå MS «Fram» til SDIR. 

Skipsrevyen har konfrontert HX med dette, som gjentatte gonger svarar at alt er handtert etter deira prosedyrar. 

Kven og kva?

Då hendinga fann stad var det totalt 168 om bord. 68 var passasjerar, 21 i sikkerheitsbemanning og 79 i tilleggsbemanning. 

MS «Fram» er 20,2 meter brei og har ei lengde på 113,86 meter. Skipet har ein bruttotonnasje på 11647.

Ifølgje HX har det vore ei hending som innvolverte eit lite og ukjent fartøy, som i kort tid nærma seg MS «Fram» medan det segla i colombianske farvatn. Dei fortel at dette ukjente fartøyet kom i nærleiken av MS «Fram» i nokre sekundar. Kva som var årsaken til dette er framleis uklår.

Informerte myndigheiter

Sjøfartsdirektoratet vart informert om hendinga av MS «Fram» på telefon den 13. april klokka 15:57. Representantar frå klasseselskapet DNV hadde inspeksjon av skroget den 13. april i Colon, Panama, som ifølgje eit tidlegare utsegn frå HX var ein planlagt inspeksjon:

 – På grunn av hendingas kortvarige karakter, gjekk skipet umiddelbart attende til normal drift. Hendinga vart rutinemessig rapportert til DNV, som allereie var på veg til ein planlagt inspeksjon, og dessutan til lokale myndigheiter ved første anløpshamn og norske sjøfartsmyndigheiter, i samsvar til våre standardprotokollar. Vidare vart gjestene informert i forkant av avstigninga, skriv selskapet i ein e-post.

Det ukjente fartøyet skal ifølgje HX ikkje ha vist noko teikn til naud, og legg til at myndigheiter har stadfesta at det ikkje har vore rapportert skadar på fartøy i det området der hendinga fann stad.

Ifølgje ulukkesrapporten var det ingen skade på skroget til MS «Fram», berre måling som var skrapa av. 

DNV skriv i ein e-post til Skipsrevyen at dei på generelt grunnlag ikkje uttalar seg om kunderelaterte saker, og viser Skipsrevyen vidare til reiarlaget. 

Plan og rutine

I rapporten frå Sjøfartsdirektoratet går det òg fram at det før seglasen vart laga ein ruteplan. Bru-laget var orientert om rute før avreise, og ordre frå Master var lest og forstått av bru-laget. "Bridge Resource Mangament" (BRM), som er ein metode for sikkerheit- og feilhandtering innan den maritime industrien var implementert i dei daglege rutinane skriv dei i rapporten. 

Ei intern etterforsking vart sett i gong om bord og på landssida. Fråsegn frå nøkkelpersonell er samla, VDR data og videobevis er lagra. 

– Etter hendinga gjennomførte me ein omfattande intern evaluering og er nøgde med at skipet unngjekk eitkvart negativt utfall ved å handla rett og følgja dei rette retningslinjene, uttala HX til Skipsrevyen tidlegare.

Vedkommande som var på vakt under kollisjonstidspunktet vart tatt ut av vakthalds-oppgåver og sett til dagrutinar står det i rapporten.  Om hendinga får andre konsekvensar for vedkommande på vakt vil ikkje reiarlaget uttala seg om.

Ynskjer ikkje kommentera

Reiarlaget har fått høve til å svara ut fleire spørsmål knytt til hendinga, mellom anna om dette faktisk er handtert etter deira prosedyrar. 

Dei har peika på at kapteinen og mannskap har gjort alt etter standard prosedyrar og sørgja for sikkerheita for skip, mannskap og gjester. Skipsrevyen har spurt reiarlaget korleis kapteinen kunne gjera dette når han ikkje viste om saken før to dagar etterpå. 

Dei har og fått spørsmål om det er prosedyre i selskapet å ikkje melda frå til kapteinen når ein har kollidert med andre fartøy.

Dei har og fått spørsmål om kvifor kapteinen ikkje vart informert, og korleis dei kan sørga for at dette ikkje skjer i framtida. 

Dette har dei ikkje ynskt å svara på.

Direktoratet

Sjøfartsdirektoratet vil sjå nærare på om det er behov for oppfølging utover det som er gjort. 

– Det er i seg sjølv alvorleg at ei hending ikkje vert rapportert til skipets kaptein. Når det er sagt så ser me at kapteinen gjorde tiltak umiddelbart når vedkommande vart kjent med hendinga, skriv kommunikasjonssjef i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus, til Skipsrevyen.

– Korleis vert du følgt opp? 

– Klasseselskapet har hatt ein oppfølging og me ser også at reiarlaget, og kaptein, har følgt opp. Direktoratet vil sjå nærare på om det er behov for oppfølging ut over det som er gjort. 

– Kva fartøy har dei kollidert med? 

– Det er vanskeleg å seia, men ettersom skadane ikkje er så store, samt at det ikkje er rapportert om andre hendingar, så ser ein ikkje bort frå dette kan dreia seg om samanstøyt med noko som flaut i vatnet, og ikkje eit anna fartøy. 

– Veit de kva som har skjedd med fartøyet dei har kollidert med? 

– Som nemnt over så har ein ikkje informasjon om kva ein eksakt var borti.