«Havila Castor»

Havila Kystruten vil henta fleire milliardar

Målet er eit førsteprioritets pantelån på 390 millionar euro, som i skrivande stund er 4,7 milliardar norske kroner.

Publisert Sist oppdatert

Difor har dei engasjert Arctic Securities, Fearnley Securities og Nordea som tilretteleggjarar. Dei skal arrangera ei rekke investormøte med oppstart 1. juni 2023, skriv dei i ei børsmelding.

Pengane skal nyttast til å refinansiera selskapet si eksisterande gjeld, og til finansiera leveringsterminane til Tersan verftet for å få levert «Havila Polaris» og «Havila Pollux», som begge er klare.

Selskapet skriv i børsmeldinga at dei opplever stor interesse for det nyaste tilskotet til kystruta Bergen- Krikenes- Bergen, og kan melda om gode salstal.

Meir enn 50 prosent av kapasiteten på alle dei fire skipa er seld for 2023. Dei peikar i børsmeldinga på at dette er betre enn venta og at selskapet leverar i henhold til avtalen med norske myndigheiter.

Ut av første kvartal hadde selskapet 113 millionar i likvidiar. Førebelse tal syner inntekter på 116,5 millionar, skriv dei.

Selskapet hadde 90 millionar i minus i bruttoinntekt i første kvartal, med 70 prosent belegg.

I børsmeldinga peikar dei på store ekstraordinære kostnader samt mannskapskostnader for «Havila Polaris» og «Havila Pollux», som er klare til å bli sett i drift.

Gjennom den planlagt finansieringa, drift i høgsesongen og mottak av 163 millionar kroner frå NOX-fondet, ventar selskapet å ha tilstrekkeleg arbeidskapital for driften.