Foto: Anders Huke
Har hatt sin første tur
«Icon of the seas» har fullført sine første sjøprøvar.
Desse vart gjort i Turku i Finland, der skipet er under kontruksjon. Meir enn 450 spesialistar brukte fire dagar på å testa skipets tekniske løysingar. Motor, baug, propellar, og styring har blitt testa på det opne hav for første gong. I tillegg til lyd og vibrasjonar.
Ifølgje selskapet passerte «Icon of the seas» med gode marginar.
Skipsrevyen vitja verftet Meyer Turku i Finland i mai, og fekk ei omsyning om bord i skipet. Skipet har ein kapasitet på 7500 passasjerar og eit mannskap på 2400. Det er 365 meter langt og veg 250,800 tonn, fordelt over 20 dekk.