Arkivfoto
Reiarlaget vedtek ikkje bota etter dødsulukka
FSV Rederi AS vedtek ikkje bota på 1,5 million kroner etter at den 20 år gamle matrosen på ein av deira servicebåtar omkom, skriv NRK.
Det var i januar 2022 ein mann kom i klem mellom ein båt og kaianlegget. Ulukka fann stad på eit av Salmar sine anlegg på Frøya.
Adressavisen omtala saka først.
Selskapet tek no saka til retten. Dette er fordi dei ikkje er samde i måten påtalemyndigheita har lagt fram saka.