Frå venstre: Frode Sønstabø, Paal Skorpen, Per Vold. Bak står styreleiar i GulenSkyss, Arvid Andenæs.

GulenSkyss AS kjøper Florø Skyssbåter

 Overtakingsdato er satt til 15. februar 2024.

Publisert Sist oppdatert

Verksemda i Florø vil halde fram som tidlegare og Paal Skorpen vil leie denne delen av verksemda som no blir eit heileigd dotterselskap av GulenSkyss AS, går det fram i ei pressemelding. 

Dei to eigarane, Paal Skorpen og Per Vold er nestorar i næringa og har bygt opp sine selskap frå botnen av. Båe selskapa har hatt god vekst og levert solide økonomiske resultat over tid.  At dei to no finn saman er eit resultat av samtaler over lang tid. 

For dei to eigarane har det også vore viktig å finne ei god regional løysing. Paal Skorpen uttaler at det har vore viktig for han å finne ei løysing som sikrar vidare drift av selskapet med basis i Florø. 

- At det er GulenSkyss som kjem inn gjer meg trygg på nettopp dette, og eg vil sjølv vera med å sikre ein god overgang.

Dagleg leiar i GulenSkyss AS, Frode Sønstabø vil bli øvste leiar for dei to selskapa, og er svært nøgd med at oppkjøpet no er på plass. 

- Florø Skyssbåt eit svært veldrive selskap som vi er audmjuke over å få lov å drive og utvikle vidare i samarbeid med Paal. Dette gjer vi også fordi vi ønskjer å stå sterkare i samband med å delta i større anbod.

Frå sør til nord

I dag driv GulenSkyss AS passasjertrafikk, ferjeruter og ambulansefartøy på Vestlandet. Reiarlaget opererer per i dag sju fartøy i faste oppdrag og har totalt 36 faste tilsette. Operasjonsområde strekkjer seg frå Bømlo til Bremanger.

Florø Skyssbåt AS driv passasjertrafikk og losbåttenester ut frå Florø. I tillegg driv dei ein del chartertrafikk. Frå 1.mai 2024 startar reiarlaget opp sitt fyrste heilelektriske passasjerfartøy som skal trafikkere ut frå Florø til øyane i vest på vegne av Norled AS. 

Reiarlaget har i dag seks fartøy, der fire fartøy er i faste ruteoppdrag/losteneste, og 15 fast tilsette.