«SC Connector» er det første skipet av sitt slag.
Foto: Artur Sylwestrzak
«SC Connector» er ein pioner i vinden: – Kvifor skal ein ikkje tenka på vind?
I ei verd av omstilling var «SC Connector» første av sitt slag. Med vind i segla, fraktar fartøyet containarar rundt om i verda.
Rotorsegl er det som gjer at containerfartøyet skil seg ut, men kvifor er denne løysinga vald?
– Kvifor skal ein ikkje tenka på vind? Me prøvde å følgja alle hypotetiske idear for framdrift av skip. Av alle moglegheitane, var vind ein av dei, men me var nøydd å finna ein måte det fungerte for oss, seier CTO i Seatrans, og prosjektleiar for rotorseglprosjektet, Johan Christian Hvide.
Kan hausta kraft frå vind