
Kval frigjort i Troms
Ein unge vågekvla hadde vikla seg inn i ei båtfortøyning ved Bromnes på Rebbenesøy.
Meldinga kom inn torsdag kl 12.:10 frå fleire ulike hald, og MS «Fjorgyn» sette kursen mot ferjekaien ved Bromnes, ein times gange frå Tromsø, skriv Fiskeridirektoratet på sin nettstad.
Vel framme vart kvalen lokalisert og MOB-båten vart sett på vatnet. Etter kort tid var kvalen frigjort og fekk symja frå staden.
Mannskap i Fiskeridirektoratet Sjøtjeneste er trena og utstyrt for å frigjere kvalar frå tauverk, fiskereiskapar eller andre ting dei måtte kome i kontakt med.
Les også:
-
Ankra kval fekk fridomen attende
Søndag vikla ein knølkval seg inn i eit stort drivanker på fjorden i Kvænangen i Troms og Finnmark.
-
Fiskeridirektoratets nye gudinne
Fiskeridirektoratets nye inspeksjonsfartøy «Eir» er en tydelig oppgradering i forhold til tidligere fartøy, og skal hjelpe direktoratet med å komme enda tettere innpå havbruksnæringen.
-
Miljøprisen 2012 tildelt fiskefartøy
Daglig leder Rita Christina Sævik i rederiet Ervik & Sævik AS mottok i dag Fiskeridirektoratets miljøpris for 2012.