Møre og Romsdal:

Ferjesambandet Magerholm - Sykkylven

Ferjetrafikken i sommar: Betre enn normalåret 2019

Statistikken for fylkesvegferjene for juni, juli og august i år, viser auke i køyretøy samanlikna med normalåret 2019.

I juni er auka i køyretøy på 3,6 prosent samanlikna med 2019. Tala for juli viser ei auke på 2,5 prosent mot 2019, og i august er den på 3,7 prosent, heiter det i ei pressemelding.

Tala for køyretøy totalt i juni, viser at trafikken auka i nesten alle dei største ferjesambanda i fylket, samanlikna med 2019. I sambandet Sykkylven-Magerholm frakta ferjene 6 489 fleire køyretøy i juni i år, enn i same månad i 2019 – ei auke på 9 prosent. Berre eitt av dei største sambanda hadde nedgang i forhold til 2019; sambandet Hareid-Sulesund, med ein nedgang på om lag 4 prosent.

Juni-tala viser òg at det både var auke i personbilar, og i køyretøy over 6 meter (i hovudsak næringstransport), samanlikna med 2019. Næringstransport auka mest, med over 6 prosent.

Dårleg vêr og færre på norgesferie

Samanlikna med 2019, var auka mindre i juli enn i dei to andre sommarmånadane. Her har truleg det dårlege sommarvêret, og endring folk sine feriemål, påverka.

- Sommaren i fjor var spesiell fordi dei fleste nordmenn ferierte i Norge. Då var det ei kraftig auke talet på reisande i ferjesambanda. Når juli i år vart ein månad med dårleg vêr, og vesentleg fleire reiste utanlands på ferie, ser vi nedgang i nesten alle sambanda samanlikna med juli i fjor. Men sett mot tala frå juli 2019, er det derimot meir variert; nokre samband har nedgang i trafikken, mens andre har auke. Samla sett er trafikken høgare enn i 2019, og vi ser ei auke i fleire av dei største sambanda. Tala for desse sambanda gir eit godt bilde på trafikkutviklinga i fylket. Det fortel seksjonsleiar for drift i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig.

Mindre kø enn venta

Det var venta at det kunne bli lange køar og mange attståande bilar i fleire av sambanda som vart gratis 1. juli, spesielt til populære utfartsmål på helg og i sommarsesongen. Men dette problemet vart mindre enn venta.

- Her ser vi igjen at vêret truleg har spelt ei rolle. Mellom anna viser tala for rute 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona nedgang i køyretøy i juli, samanlikna med både fjoråret og 2019, fortel Wiig.

- Talet på attståande bilar i juli er det same som i fjor. Dette tyder på at det framleis har vore mange reisande på populære avgangar i godvêr, seier Wiig.

Gratis ferje ga auke i juli og august

Sambandet Festøya-Hundeidvika hadde auke i trafikken i juni, altså før det vart gratis. Passasjertalet var derimot lågare enn i 2019. I juli og august viser tala ei kraftig auke i alle typar køyretøy, i tillegg til stor auke i passasjerar. Ferjene i dette sambandet frakta over 34 prosent fleire køyretøy i juli i år, enn i same månad i fjor og 2019. Auka var òg stor i august, med over 45 prosent fleire køyretøy enn fjoråret og over 30 prosent meir enn i 2019.

- At sambandet vart gratis 1. juli i år er truleg hovudårsak til dette, fortel Wiig.

Eksportveg

Ferjestatistikken for august viser at det var auke køyretøy i dei fleste av dei større sambanda, samanlikna med 2019. I sambandet Åfarnes-Sølsnes var det ei auke på over 6 prosent, og næringstransport auka her med 3,7 prosent mot 2019.

- Dette er ein av eksportvegane ut av fylket, så det er positivt å sjå at det er ei auke i næringstransporten i dette sambandet, seier Jesper Wiig.