Foto: Østensjø
Skal drifta fartøy dei tidlegare har kansellert
Østensjø Rederi skal no drifta «Edda Fortis». Fartøyet er for tida i Sør- Korea, der det vert oppgradert. Det skal etter planen vera ferdig første kvartal 2024.
– Me er stolte over å kunngjera supplementet til flåten vår, og få «Edda Fortis»
i drift. «Edda Fortis» komplementerar vår flåte og styrkar “flotell”(flytande hotell)-segmentet vårt. Me ser fram til å fortsetja å tilby høgkvalitets flotelltenester til våre kundar, seier administrerande direktør i Østensjø Rederi, Kristian Helland Vea.
«Edda Fortis» er eit spesialbygd mono-hull flotell, designa for flotell tenester av høg kvalitet. Fartøyet har eit avansert bevegelseskompensert-gangvegsystem som sikrar sikker og enkel adgang til og frå offshoreinstallasjonar.
– Me er optimistar for framtidsutsiktene for denne type båt. Det er ein kjempebåt på alle måtar. Det er utruleg godt tilrettelagt for dei som er om bord, med både basseng, stor konferanse- og kinosal. Ikkje minst er det ein teknisk godt spekka båt, i forhold til sikkerheit, posisjonering og det som er.
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
199,-
per måned. Første måned 4,-
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Bedrift
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP