Hans Inge Myrvold frå Senterpartiet og Erlend Prytz frå NME.

Dei ville ikkje lova vekk pengane, men lova å jobba for å få dei inn i budsjettet

Under den første paneldebatten på Erfaringskonferansen 2023 var norsk maritim eksport tema.

Publisert Sist oppdatert

Dei tre politikarne Ove Trellevik (H), Benjamin Jakobsen (AP) og Hans Inge Myrvold (SP) skulle saman med Tore Andersen frå Optimarin og Erlend Prytz frå NME drøfta kva som skal til for å lukkast med eksport av den maritime næringa.

Tore Andersen la i innlegget sitt like før debatten fram korleis ein må klara å nå ut i verda med produktet ein sel. Han var tydeleg på at det å ha organisasjonar som Norwegian Maritime Exporters (NME) er heilt naudsynt, og peika på at om regjeringa vil satsa på maritime eksport, bør ein òg bevilga pengar i deira retning.

Dette var naturleg nok administrerande direktør i NME, Erlend Prytz samd i. Han såg sitt snitt til å kasta ut eit forslag om ein årleg stønad på fem millionar.

Ove Trellevik (H), Tore Andersen frå Optimarin og Benjamin Jakobsen (Ap).

Etter dette peika Ove Trellevik frå Høgre på messer som ein god arena å syna seg på.

– Ein må vera der folk er. Det me no veit er kva næringa sjølv meiner om kva som bør prioriterast.

Også Arbeiderpartiet sin representant Benjamin Jakobsen tok det til vitande, men kunne ikkje lova noko. Til liks med sin kollega i Senterpartiet Hans Inge Myrvold ser dei likevel på ein slik stønad i tråd med framtidas satsing på maritim eksport.

– I forhold til regjeringa sin posisjon passar dette som hand i hanske. Det at de er tydelege, og at me vert informert om utfordringa gjer at me kan ta dette med over fjellet i våre diskusjonar, sa Myrvold.

– Kvifor kan de ikkje å seia noko meir konkret? spurde konferansier Thomas Henschien

– Eg skulle gjerne stått her og garantert for det vil skje, men eg trur det er ein veldig uklok ting gjera. Den som gjer det, står her å lyg, svara Jakobsen.

Då såg Prytz sitt snitt til å utfordra politikarane.

– Eg skjønar at de ikkje kan lova eks antall millionar, og at det ikkje funkar slik. Men eg vil utfordra dykk. Er det ein av dykk som kan seia at de vil kjempa for at NME skal få noko? Kan de lova at de skal kjempa for oss?

Her var politikarane samde. Dei ynskte alle att dette skule koma på plass. Men Jakobsen var den som gjekk lengst i lovnaden.

– Dette er noko eg vil kjempa for. Eg vil at me skal oppretthalda vårt velferdsnivå i Noreg og då må me satsa på eksport av maritim næring og likande. Eg tek desse ynskja med meg inn i det reviderte, og i neste års statsbudsjett. Eg vil òg lufta det for mine folk i næringskomiteen, svara Jakobsen då.

– Det skal eg følgja opp, svara Prytz.