Debatt: 

CEO i Ocean Hyway Cluster, Kristin Svardal.

Kva skal til for å lukkast med den maritime energiomstillinga?

Dersom ein skal nå IMO sin ambisjon om netto-null utslepp frå shipping og EU sitt mål om 80% reduksjon i utslepp frå skip innan 2050 er ein avhengig av eit bredt spekter av løysingar. Dette inkluderer energieffektivisering, bruk av karbonfangst- og lagring, bruk av lav- og nullutsleppsdrivstoff og smarte digitale system.

Publisert Sist oppdatert

Visste du at global maritim transport står for 3% av de globale CO2 utsleppa i verda? For ein høgteknologisk skipsnasjon som Norge, har ein alle mogelegheiter for å kunne bli leiande innan grøn skipsfart. Allereie har norskeigde skip innan fleire segment lågare utslepp per nautiske mil enn det globale gjennomsnittet. Kva skal til for å komme i leiinga og kan vise veg for andre land? Kva kan vi gjere lokalt i Florø for å støtte opp under denne utviklinga?

Dersom ein skal nå IMO sin ambisjon om netto-null utslepp frå shipping og EU sitt mål om 80% reduksjon i utslepp frå skip innan 2050 er ein avhengig av eit bredt spekter av løysingar. Dette inkluderer energieffektivisering, bruk av karbonfangst- og lagring, bruk av lav- og nullutsleppsdrivstoff og smarte digitale system.

Nokre tiltak vil tvinge seg fram gjennom krav frå EU gjennom kvotesystem (EU ETS) og avgifter på fartøy som ikkje møter utsleppsintensitetskrav (FuelEU Maritime). Ein forventar at dette også blir gjeldande i Norge allereie frå 2024. Krava som kjem dei første åra vil kunne møtast med å plukke lavthengande frukter gjennom effektivisering ombord, men på sikt er vi nøydt til å implementere meir omfattande tiltak for å ta ned utsleppa. Er vi lure så startar vi med denne teknologiutviklinga allereie i dag.

Verdikjede-perspektiv

Ei av løysingane vi jobbar med i Ocean Hyway Cluster er implementering av lav- og nullsleppsdrivstoff. Saman med våre over 70 medlemmer jobbar vi saman for å finne framtidas løysningar på den maritime energiomstillinga. Dette omhandlar heile verdikjeda frå produksjon, via distribusjon og lagring og til fartøyet som skal ta i bruk drivstoffet ombord. Dette er ei verdikjede som enda ikkje er etablert og ein treng selskap og aktørar som satsar både på utvikling av teknologi og som finner nye lønnsame forretningsmodellar som passar inn i ei ny tid kor vi må nytte ressursane våre betre.

Norge har allereie eitt fartøy på sjøen som brukar flytande hydrogen som drivstoff. MF Hydra som opererer på strekninga Hjelmeland - Nesvik er verdas første skip som seilar på flytande hydrogen. Dette er eit fantastisk eksempel på innovasjon og teknologiutvikling som er gjort i Norge både på sjølve fartøyet og på bunkring og lagringsteknologien som er tatt i bruk. Dessverre manglar vi et viktig ledd i verdikjeda for flytande hydrogen i Norge, nemleg produksjon. I dag er vi nøyd å importere flytande hydrogen frå Tyskland for å dekke ferja sitt behov.

Tilsvarande ser vi i andre prosjekt at det er slike hol i verdikjeda som hindrar vidare utvikling, og som hindrar at selskap tek risikoen med å investere. Dette kan være knytt til manglande teknologi for effektiv bunkring, manglande kundar som forpliktar seg til eit produksjonsanlegg, manglande tilgang på kraft i tilknyting til produksjon. For ein umoden marknad er ikkje dette unormalt og det er mykje risiko knytt til å være først ute. På bakgrunn av dette treng en tydelege krav og retningslinjer frå regjeringa, samt tilstrekkeleg risikoavlastning gjennom støtte frå verkemiddelapparatet. Differansekontrakter er trekt fram som eit treffsikkert verkemiddel, men skuffelsen var stor i hydrogenmiljøet etter at dette ikkje vart ein del av statsbudsjettet for 2024. Det jobbast aktivt for å få på plass effektive risikoreduserande tiltak for næringa.

Verdas første i Florø

Heldigvis finnes det andre gode støtteordningar via Enova, Innovasjon Norge og EU som driv prosjekt framover. Over nyttår forventar vi nye støtteprogram frå Enova for hydrogen og ammoniakk på fartøy med inntil 80% støtte av meirkostnader. Dette håpar vi vil hjelpe rederi med å ta steget for å satse på nullutsleppsdrivstoff. Nyleg mottok også ni prosjekt, knytt til å redusere utslepp frå skipsfarten, omtrent 700 millionar i støtte. Blant dei var eit av våre medlem, Amon Maritime, som med sitt short-sea rederi Viridis Bulk Carriers fekk støtte til to bulkskip som skal driftast på ammoniakk. For at dei skal lukkast er vi avhengig av at det produserast grøn ammoniakk til ein akseptabel pris og at denne kan transporterast og lagrast på ein trygg og kostnadseffektiv måte. I tillegg må det utviklast gode løysningar for bunkring. Ved basen i Florø jobbar Azane Fuel Solutions, ei anna medlemsbedrift, saman med Fjord Base og Yara Clean Ammonia, med verdas første fullskala bunkringsterminal for ammoniakk, noko som er ei viktig brikke i etableringa av verdikjeda for ammoniakk. Dersom dei lukkast kan teknologien nyttast langs norskekysten og senke terskelen for at fleire ønskjer å ta i bruk ammoniakk som drivstoff og dermed fjerne utslepp frå skipsfarten.

Det vil alltid være risikoar knytt til å være først ute, og vi i Ocean Hyway Cluster ønskjer å støtte dei som tør å satse og har gode, berekraftige forretningsmodellar som kjem samfunnet til gode. Vi meiner vi treng alle gode initiativ og innspel for å lukkast med den maritime energiomstillinga. Det at Florø er lokasjon for den første bunkringsterminalen i eit nettverk av grøne flytande fyllestasjonar, og dermed vil vere tidleg ute med å tilby utsleppsfri grøn ammoniakk som drivstoff til skip, vil gje store regionale ringverknadar og også gje mogelegheiter for global skalering. Dette håpar vi at lokalmiljøet ser verdien av og vil vere med å støtte opp under.