Sander Henriksen synte prototypen av båtane under HAVlunsj førre veke.
Foto: Anders Huke
Sander (21) er klar for å ta sats langs heile kysten: – Moglegheitane er mange
19-åringen med ein ide vart møtt med latter. Tre år etter står den, no 21 år gamle gründeren, klar for å satsa.
– Eg har ingen bakgrunn for å driva med dette. Då eg jobba i båtbutikk kom teknologisk institutt for å kjøpa redningsvestar for tusenvis av kroner for å ta vassprøvar. Eg føreslo at dei kunne nytta radiostyrte båtar for å gjera jobben. Dei lo av meg, men no står eg her med denne båten, seier Sander Henriksen.
Han er no innlosjert hjå Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS), og fortel at det ikkje hadde vore mogleg å realisera dette utan dei og Innovasjon Noreg.
Den unge mannen har forvilla seg frå Bærum til Bergen. Her studerar han økonomi og administrasjon, og har tatt tittelen hobbyingeniør.