Illustrasjonsbilete av konteinerskip.

MPC Container Ships sel to fartøy

Dei to fartøya det er snakk om er «Carpathia» og «Cleopatra», kjem det fram i ei melding frå selskapet tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Skipa er eigd i eit sameigd selskap (joint-venture). Etter salet har MPC Container Ships redusert antall sameigde skip frå 8 til 3 sidan fjerde kvartal 2021.

Prisen for dei to skipa er på totalt 77,7millionar dollar, omlag 758 millionar norske kroner. Nettosum etter fradrag for kostnader og eigarandelar er 487 millionar kroner.

Selskapet har eit ynskje om eit hendings basert utbytte til aksjonærane på 0,07 dollar per aksje, omlag, 0,68 Norsk krone, som vil vert utbetalt i februar.

– Framover vil MPC Container Ships framleis vera i ein gunstig marknadsposisjon med ein sterk balanse. Me er trygge på våre evner til å fortsetja å skapa verdiar ved å identifisera og handla på attraktive marknadsmoglegheiter, skriv dei i ei pressemelding.