Brennestart for Acta Marines nyaste CSOV
Foto: Ulstein Group
Brennestart for Acta Marines første CSOV ved Tersan Shipyard
Markeringa av brennestarten til det første av to metanoldrivne (MDO/HVO*), DP2-havvindstøtteskip av typen CSOV (Construction Service Operating Vessels for Acta Marine vart arrangert 18. januar 2023 på Tersan-verftet. SX216-designet til fartøyet er utvikla i nært samarbeid med Ulstein Design & Solutions AS.
Brennestarten er det offisielle startskotet for bygginga ved verftet. Dei 89 meter lange fartøya vil vera utstyrte med ei rørslekompensert kran frå SMST og ein rørslekompensert gangveg for sikker personelloverføring i signifikant bølgjehøgde opp til 3,0 meter, heiter det i ei pressemelding.
Skipa har innreiing for opp til 135 personar. Fartøya har eit batterilagringssystem som gir ytterlegare energieffektivitet og CO2-reduksjon.
Desse fartøya er dei første designkontraktane der Ulstein si TWIN X-STERN-løysing vart tatt i bruk. Denne utforminga har fleire unike eigenskapar, men dei viktigaste kjenneteikna til fartøyet er dei to hekkane og hovudpropelleiningane i kvar ende. Kombinasjonen av thrusterar og symmetrisk skrogdesign resulterer i lågare energiforbruk og reduserte rørsler, og dermed høgare operabilitet og komfort. Dette konseptet forbetrar manøvrerbarheita og evna til å halda seg i posisjon. Løysinga gir også redusert støy, betre komfort om bord og potensial for å spare betydelege mengder energi i arbeid.
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
199,-
per måned. Første måned 4,-
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Bedrift
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP