Ms «Bergensfjord»
Ms «Bergensfjord»

Brann om bord i «Bergensfjord» skal etterforskast

Natt til tysdag brann det i Fjord Line si ferje «Bergensfjord».

Publisert Sist oppdatert

Brannen vart sløkt, men politiet skal etterforska kva som har skjedd, skriv NRK.  

Brannen skal ha starta ved midtnatt. Etter 50 minutt skal situasjonen ha vore under kontroll.

Ingen er skadde i brannen.

Det var ei gassflaske som tok fyr i ein bubil om bord. Ferja var på veg frå Danmark til Bergen, men endra kurs og gjekk til Kristiansand. 

Brannen skal etterforskast onsdag.

- Dei vil gjera sporsikring og åstadsundersøkingar etter avtale med skipets kaptein, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Victor Fenne-Jensen til NRK på morgonkvisten.