Kvinnheringen Eirik Sævareid (45) er ny økonomisjef i Austevoll-rederiet Seistar.
Foto: Privat
Sævareid er ny økonomisjef i Seistar
Eirik Sævareid (45) frå Husnes, er tilsett som økonomisjef i rederiet Seistar, som har base på Torangsvåg i Austevoll.
Sævareid starta i den nye jobben som økonomisjef 1. september og fortel at jobben i Seistar freista då det er eit selskap som arbeidar innanfor havbruksnæringa, har hatt vekst, samstundes som det har levert solide resultat.
- Eg vonar å kunne bidra til at selskapet fortsetter den fine utviklinga også i åra framover. Oppstarten har vært fin, og eg har blitt tatt godt i mot. Dei fyrste vekene har eg brukt til sette meg mest mulig inn i selskapet, rutinar og prossesar.
Sigbjørn Stangeland, dagleg leiar i Seistar Holding seier til Kyst.no at han ser veldig fram til å samarbeide med Eirik.