
Rolls-Royce vinn systemordre
Rolls-Royce har signert kontrakt verdt ca 120 millionar kroner for levering av utstyr til fire 16800 dwt sementtankarar. Tankarane er kontraherte av KGJS Cement AS, eigd av Kristian Gerhard Jebsen Group (KGJS).
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ordren inkluderer Promas, styremaskiner, tunnelthrusterar, dekksmaskineri, tavler, automasjonssystem og integrert bruløysing, levert som eit integrert system.
– Å selge systemløysingar forbetrar og kvalitetssikrar integrasjonen av produkta, seier Geir Bjørkeli, ansvarleg for systemsalg for handelssegmentet i Rolls-Royce. Og han fortset: – Fleire kundar er i kontakt med oss for å kjøpe berre vinsjar eller thrusterar, men dei vert overtydde om å gå for heile pakken når dei ser kor bra det fungerar. Og KJGS er ein av dei.
– Vi stolar på Rolls-Royce, og vi bestemte oss for å gå for ei systemløysing for dette prosjektet i staden for å kjøpe bit for bit hjå ulike leverandørar. Det var ei totalvurdering av kost versus yting, seier Jan A. Berntzen, Vice President, Projects hjå KGJS.
På dei nye tankarane har KGJS valgt Promas; eit system som gjev meir effektiv framdrift med mindre kraft – og dermed reduserast drivstofforbruket. Promas består av eit ror med bulb som integrerast mot ein optimalisert utforma vridbar propell. Roret er vridd slik at noko av virvelenergien fra propellen vert konvertert til nyttig fremdriftskraft. Ein bulb er bygd til roret, og ein hubcap (navkapsel) er kopla til propellen. Mykje av innsparinga i kraftbruken ligg i å halde ein jamn vasstraum mellom bulb og hubcap, sjølv når roret dreiar.
– Vi var ute etter ein måte å redusere drivstofforbruket på, og vi er opptatt av å prøve ny teknologi. Eit godt skipsmanøvreringssystem er også viktig for oss sidan skipa våre går hyppig inn og ut av hamn. Derfor valgte vi Promas. Det faktum at Rolls-Royce har det fulle ansvar for design, produksjon og oppstart av ein stor utstyrspakke er eit pluss for oss. Vi forventar at dette vil skape synergieffektar både under konstruksjon og i operasjon, seier Berntzen.
Dei fire tankarane skal byggast ved Ben Kien verftet i Vietnam, eit verft i Vinashin gruppa. Fartya er av siste generasjon sementtankarar og skal leverast i 2011 og 2012.