
Brasiliansk operatør utvidar flåten av Rolls-Royce-fartøyer
Companhia Brasileira do Offshore (CBO) har kjøpt ytterligare to design- og systemløysingar frå Rolls-Royce.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Denne siste kontrakten på to fartøy av typen UT 715L fylgjer i ein serie av liknande ordrar frå CBO der to fartøy alt er i oppdrag, tre blir leverte innan utgangen av 2009 og dei siste tre blir leverte i løpet av 2010.
Over 650 offshorefartøy av Rolls-Royce UT-design er i drift eller under bygging rundt om i verda.
- Denne ordren markerer fortsetjinga på eit langt samarbeid mellom CBO og Rolls-Royce, samt endå ei utviding i CBO si flåte av Rolls-Royce offshoredesign, seier Jørn Heltne, direktør ved designavdelinga i Rolls-Royce.
- Vi er veldig glade for at CBO valde oss nok ein gong. Dette viser vår evne til å levere integrerte system inkludert motor, framdrift og motion control til kundane våre.
Rolls-Royce leverer hovedmotorane, framdriftsystemet, samt automasjons- og kontrollsystema til dei to båtane. Fartøya vil også bli utstyrt med thrusterar, styremaskiner, ror, dekksmaskineri og bulkhandteringssystem frå Rolls-Royce.
Dei to nye UT 715L-fartøya skal leverast i 2011, og kontrakten har ein verdi på 130 millionar kroner.
CBO bestilte sitt første offshorefartøy av Rolls-Royce-design på 90-talet, under renessansen til den brasilianske skipsindustrien. Rolls-Royce har vore ein aktiv part i denne maritime renessansen det siste tiåret, med ei brei portefølje av kundar i offshore-, handels- og marinesektoren. Rolls-Royce opnar eit nytt servicesenter i Rio i juni, med oppdatert reparasjons- og overhalingsekspertise. Her syter dei for overhaling av heile produktportefølja til Rolls-Royce for kundar i heile regionen.
Over 40 fartøy av Rolls-Royce design har blitt bygd, eller er under bygging ved brasilianske verft.