Remøy byggjer Ulstein-design

Remøy Shipping har signert kontrakt med Ulstein Verft om bygging av to miljøvenlege plattform forsyningsfartøy (PSV) av typen ULSTEIN PX105 designa av Ulstein Design, og med ei rekkje framtidsretta produkt og system frå Ulstein Elektro. Fartøya er allereie tinga for langtidsoppdrag av StatoilHydro.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Vi synest det er svært hyggeleg at enno eit lokalt reiarlag kjem til Ulsteinkonsernet for å få designa og bygd skip, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet, og legg til: – ULSTEIN PX105 har blitt ein suksessdesign for Ulstein. Fartøy med ULSTEIN X-BOW har vist seg å vere drivstoffsparande og ein kan mellom anna halde høgare hastigheit i grov sjø.
Fartøya skal leverast februar og mai 2011.
Valet fall på Ulstein Verft
StatoilHydro kunngjorde tidlegare i år at Remøy Shipping er tildelt ein åtteårs kontrakt med opsjonar på 4 x 1 år, på to PSV-fartøy med design og utstyrspakkar frå Ulstein Design. Forhandlingane om byggeverft var ikkje klare ved kontraktsinngåing mellom Remøy og StatoilHydro, men Remøy Shipping sette lit til lokale krefter for å få skipa klare til kontrakten med StatoilHydro:
– Vi hadde alternative verft i India, Kina, Singapore og Spania i kikkerten då Ulstein Verft kom på banen. Valet fall på Ulstein ut i frå ei totalvurdering og vi har stor tru på at Ulstein Verft klarer å halde leveringstida. Vi har langsiktige eigarar og drivarar som har fokus på å investere i den beste kvalitet, seier adm.dir. Per Gunnar Jarnes i Remøy Shipping.
– Vi har brei erfaring med bygging av denne type fartøy, og vi har dyktige medarbeidarar som vi er trygge på vil strekke seg langt for å levere gode produkt til rett tid. Ved å velje Ulstein Verft vil Remøy Shipping få svært gode skip som dei vil ha glede av i lang tid framover, seier adm.dir. Karsten Sævik i Ulstein Verft.

Remøy Shipping har i dag ein flåte på seks fartøy innanfor kystvakt, seismikk og offshore. Remøy Shipping har hatt Statoil og seinare StatoilHydro som kunde i 12 år, og Jarnes trur både det lange samarbeidet og valet av Ulsteindesign ligg til grunn for at StaoilHydro satsar på reiarlaget igjen. – Kontrakten med Statoil Hydro gir Remøy Shipping høve til å styrke satsinga si innan offshore. I tillegg får vi skip med lang levetid, for vi veit at vi får ikkje betre kvalitet enn det Ulstein leverer, seier han til slutt.