«Nexans Aurora» blei overlevert 31. mai. Foto Ulstein Group

«Nexans Aurora» overlevert

Den siste milepælen i bygginga av «Nexans Aurora» vart nådd i dag, 31. mai 2021, då kabelleggingsskipet, flaggskipet i Nexans-flåten, vart levert frå Ulstein Verft.

Publisert Sist oppdatert

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er spesialisert i transport og installasjon av undersjøiske høgspentkabelsystem og ei rekke undersjøiske konstruksjonsoppgåver. «Nexans Aurora» er utstyrt med spesialdesigna utstyr for transport og legging av kabel og umbilical inkludert buntlegging, kabelvern og -spleising, skriv Ulstein Verft i ein pressemelding.

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.

- Det er ei bragd at «Nexans Aurora» har vorte levert på tid trass i at ein samtidig har handtert Covid-19-pandemien, med alle implikasjonar, avgrensingar og forseinkingar innan både produksjon, innkjøp, reiserestriksjonar, karantene og mykje meir. Det er ein prestasjon at Ulstein har klart å halde Covid-19 utanom verftsområdet gjennom heile prosjektet, kommenterer Ulstein Group sin konsernsjef, Cathrine Kristiseter Marti.

Ulstein Verft sin prosjektleiar, Hans Karsten Voldsund, understrekar at det gode samarbeidet, innsatsviljen og hardt arbeid av alle involverte har vore heilt avgjerande for at prosjektet har gått så godt.

Nexans sin prosjektleiar, Frode Beyer, seier at han er nøgd og letta etter 36 månader med konstruksjon av fartøyet.

- Dette er ein minneverdig dag for prosjektteamet og for Nexans, og eg vil takke alle som har bidratt til suksessen i dette prosjektet. Vi ser no fram til å få Nexans Aurora ut i verda for å bidra til Nexans sitt ønske om å "Elektrifisere framtida" for eit grønare tilvære.

Fartøyet blir døypt i ein seremoni i Ulsteinvik 8. juni, før «Nexans Aurora» reiser til heimehamna Halden og Nexans sitt kompetansesenter for undersjøiske høgspentkablar.